Immich-Batterieberg Riesling C.A.I. 2013

Immich-Batterieberg Riesling C.A.I. 2013

Immich-Batterieberg er mellom dei eldste vingardane i Mosel, med familiehistorie attende til 1425. Ekstremt bratte og kvartsrike vinmarker er opparbeida med handkraft og store mengder dynamitt.

Veldig riesling rett frå nyopna flaske. Svovel, våt stein, ubestemmeleg moden frukt. Lufter fort av til fordel for honning, gule eple og tropisk nektar. Delikat snute med meir og meir tropisk preg.   Ørlite badeball bakom, men ikkje slik at det blir plagsomt.

Syre-eksplosjon i første slurk! Litt honning klarer ikkje å balansere kjensla av å drikka skvist sitron. Her må det strafferunde i karaffel til… Rundar greitt av etter ein times tid og blir ganske behageleg. Sitron, granny smith, melon. Ei litt kantete sitronsyre rusker litt i avslutninga, men det kler på ein måte det uformelle preget. Kul, prisgunstig vin, som antakeleg vil vinna på å liggja nokre år til. Nokre flasker igjen på Valkendorf for dei som vil prøva seg.

Kate Bush – Before the Dawn

…when I was doing the early rehearsal with just her and John, I think we were just doing Prologue, I was just playing my single note all the way through. But just hearing her … well, hearing John play is always a pleasure and then hearing her sing was so wonderful, a tear came to my eye, I just felt very lucky to be in the room with them both. (David Rhodes)

I 2014 sto Kate Bush på konsertscena for første gong sidan 1979 – annonsert på heimesida hennar der registrerte fans fekk eit forsprang då billettane vart lagt ut, og vart seld ut på under 15 minutt. Eller konsert og konsert, Fru Blom – på scena var det skodespelarar, dansarar, dokker, videoprojeksjon og ei historie i tre akter. Musikarane er mellom anna David Rhodes (Peter Gabriel), Mino Cinelu og Omar Hakim (Weather Report), og Kevin McAlea som har følgt henne sidan Hounds of Love. To av kveldane vart filma med tanke på dvd-slepp, men ho har seinare ombestemt seg på sedvanleg eksentrisk vis og funne ut at det visuelle skal vera eit minne berre for dei som var der. Heldigvis er det kome ein nydeleg boks med 4 LPer som lét veldig bra, men må spelast høgt for å yta musikken rettferd (yay!).

 

Første akt er ein slags Greatest Hits-konsert med mellom anna Hounds of Love, Top of the city og Running up that hill, medan Andre akt «The Ninth Wave» er henta frå Hounds Of Love og skildrar ei skipbroten, druknande kvinne inn og ut av draumesekvensar før ho vert redda. Tredje akt «A Sky Of Honey» har materiale henta frå Aerial og 50 Words For Snow. Der andre akt har eit gotisk skrekkpreg med mykje desperasjon og Kate Bush på sitt mest sårbare, er vi no inne i ei meir atmosfærisk stemning der fuglane syng og det kjennest som det er sumar. Høgdepunkt er antakeleg ein intens variant av Sunset. Teppet går ned med Cloudbusting.

35 år sidan førre konsert og ei von om at det ikkje blir like lenge til neste gong. Ein unik artist som lét som ingen andre. Røysta hennar har ikkje same uanstrengte register lenger, men har til gjengjeld fått ein heilt eigen fylde.

Kjelder:

http://www.batterieberg.com
superdeluxeedition.com
katebush.com

Ein tanke på “Immich-Batterieberg Riesling C.A.I. 2013

Leave a Reply