Inkontinent vin

Ei uro er komen over meg – då eg gjekk i vinkjellaren i anna ærend spotta sidesynet ein fuktig etikett, og ganske riktig, ei flaske eg hadde tenkt å spara til ein større anledning har ein liten lekkasje som har fukta toppetiketten.  Når slikt skjer med portugisisk kvitvin er krisemanualen ufråvikeleg: lag bacalao og få opna flaska snøggast råd.

A Bernardino Paulo da Silva Colares Chitas Reserva Branco 2006

100% Malvasia*

*Druekaoset som også går under namnet Portugal har 12-13 ulike Malvasiaer som i større og mindre grad, eller ikkje i det heile er i slekt med «ekte» Malvasia. Nyare dna-studiar kan tyda på at Malvasia de Colares tilhøyrar sistnemnde kategori.

Som vanleg når eg prøver å vera ekstra forsiktig under opning knakk eg korken, men fekk redda inn att ære og innhald med berre eitt nytt forsøk.  

Voldsom duft av eksotisk treverk og jod frå nyopna flaske – berre reduktiv eller krise? – heldigvis dukker det kvikt opp snadder å sniffa på. Gule, modne eple, grapefrukt og hasselnøtt kunne gjerne lurt meg over i Jura, men det heile er parfymert med sumarleg blomstereng, kamferkiste og tjørebreidd naust. Blir meir kompleks med tid i glaset og får selskap av eplesekt, nellik og søte honningtonar.

Forsiktig, nesten vandig anslag, raskt crescendo inn i eit kaotisk midtparti med lagvise gule plommer og bitter grapefrukt lurande bakom, lang avslutning med sitrus på vandring, vekslar mellom spiss sitron og fyldigare grapefrukt. Enn så lenge meir spanande på snute enn i munn. Stramar seg opp med litt tid – vekslar mellom sitrus, aprikos og eple, men eg saknar litt konsentrasjon. Sluttar med eit ørlite madeirapreg.

Artig vin, sjølv om eg ikkje er slått i bakken. Eg aner uansett ikkje korleis 13 år gamal «malvasia» «skal» smake, så sånn sett er eg ein enkel kunde i kveld, ikkje minst når eg var uroleg for at innhaldet var fullstendig øydelagd. Fungerte fint til bacalao, men ikkje opplevd som eit godt kjøp til 650 kroner.  

Sidsel Endresen / Bugge Wesseltoft – Out here. In there

Det finns plater som nærast blir instant klassikarar. Så har du dei som lågmælt er unik musikkhistorie, men berre ikkje veit det heilt sjølv enno. Out here. In there. har fått ny ham, er i 2019 ute på vinyl for første gong, og det lét minst like fint som då cden opphaveleg kom i 2002.

Plata fullfører duo-trilogien mellom dei og syner to briljante artistar som er på veg vidare, samstundes som dei har tatt vare på den melodiske estetikken. Endresen var på veg inn i det ordlause, med reine stemmeimprovisasjonar i Jaap Blonk-stil, medan Wesseltoft krysspollinerte akustisk jazz med elektronika på klubbscenene i Oslo. Out here. In there.  hentar liksom det beste frå alle leire…

Truth frå Endresen sitt debutalbum på ECM får nytt liv som sofistikert pop, Birds ville fått Neil Young til å grine, medan Try har same bodskap og hypnotiske effekt som Don’t Give Up frå Peter Gabriel.

Innimellom kjem preparert piano, vokalimpro og resitasjon som minnar om Laurie Anderson. Names, Numbers  serverar resignerte draumar i ei blanding av Frank’s Wild Years og What’s He Building in There?, medan tittellåta presterer å vera groovy og draumande på ein gong. Bonusobservasjon: flygel er eit knalltøft perkusjonsinstrument.

Dobbelplate med 45 rpm, så det blir dobbelt så mange turar til platespelaren når du berre høyre litt til. Lyden er nydeleg – innimellom kjennes det som om flygelet står i stova. Om eg skal vera litt grumpy old man, så syns eg Jazzland skulle spandert ordentlege innercover på ei så flott utgjeving.   

Kjelder:
http://www.rotadosvinhosbcc.com/index.php/pt/colares-locais-visitar/54-26
https://jazzlandrec.com/


Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *