Carignan. Varmekjær og likevel seint moden, utsatt for sjukdom, utskjelt for å fylla opp «vinsjøen» i Europa med si enorme avkastning, og stadig hovuddrue i Languedoc. No er ein ny generasjon bønder på veg inn med nye ideal – her er det lav avkastning, spontanfermentering, ingen svovling, økologisk sertifisering og 80 år gamle drueplantar.
Jalliet Clos Espinous 2015
Carignan 50%, Grenache 25%, Syrah 25%
Sursøt frukt, lyng, klare plommetonar, solbær, kvit pepar, med tid anis og litt rosmarin, noko animalsk – ah, sauefjøs – som startar litt for intenst, men som roer seg med tid i glaset.
Fyldig munnkjensle, søte plommer, svart pepar, uventa avslutning med store mengder lakris som runder av meir bittert enn syrleg, pluss ei gjærsmak som eg syns skjemmer ganske mykje.
Ein vin som eg ikkje vart heilt komfortabel med. Spanande ting som skjer både på snute og smak, men rusker det litt til for seg sjølv i avslutninga.
Roger Waters – Is This The Life We Really Want?
-…platekonseptet skal ha sleppefest på Månen, musikken skal foreina slaget ved Anzio, kolgruvearbeidarane under Thacher-England og alt som er galt med internett, Gud og resten av medi…
-Du skal ikkje heller berre laga ei rockeplate, då?
Omtrent sånn førestiller eg meg samtalen mellom Roger Waters og produsent Nigel Godrich (Radiohead, Paul McCartney, Beck), kjend for å utfordra artistane han jobbar med. Det heile er meir disiplinert, likevel har Waters fått lov å vera seg sjølv – her er lydeffektar, men langt frå radioteateret på dei førre platene, her er den vanlege teksttunge brumminga på versa før han gauler refrenget ein oktav over, og her er dei vanlege frustrasjonane over det han ser rundt seg. Eg var litt skeptisk til ein runde gretten gubberock, men dette er ei plate som veks med tid, og – trur eg – blir ståande som eit viktig arbeide.
«Is This The Life We Really Want?’ is a poem I wrote in 2008. It’s sort of a rant more than a poem, but it was basically in response to what one hoped were the bad old years of the G.W. administration when our lives were ruled by Dick Cheney – the Dark Prince – and Karl Rove and Paul Wolfowitz and Donald Rumsfeld.»
Déjà Vu startar der What God Wants slutta på Amused to Death, men denne gongen med Waters i ei korrigerande guderolle – klassisk tørr humor frå Roger Waters, både musikalsk og tekstleg. The Last Refugee blir ei hjarteskjerande beskriving av å sakna dei næraste i ei krise – brutal kontrast mellom beskrivinga av ei lukkeleg fortid og ei uviss framtid. Med Picture That er vi inni sinnaland igjen – for meg ei låt som liknar litt for mykje på ranting han har gjort tidlegare. Broken Bones er fin og reflekterer over alle feila gjennom historia vi ikkje lærte av likevel.
Tittellåta er dryppande av forakt overfor administrasjonen i Sambandsstatane, og fortviling over at vi står som passive observatørar – så langt den mest nådelause teksten på plata. Bird in a Gale er dronekrig og musikalsk gjensyn med Animals, før The Most Beautiful Girl – ei slags søsterlåt til Watching TV frå Amused To Death – blir ei hylling til alle dei modige kvinnelege aktivistane med Rachel Corrie i spissen. Smell the Roses er Have a Cigar med sarkastisk krigsretorikk, og eit midtparti som høyrest ut som det er direkte henta i Dogs frå Animals. Så langt har det meste vore samanbitt kynisk, om du skal grine til plata er det no: diktet Wait for Her av palestinske Mahmoud Darwish er tonesatt på vakraste vis og blir eit vedunderleg sentimentalt kvileskjær.
Plata sluttar dystopisk med Part of me Died, ei slags opplisting av alt Waters fryktar – der «In a lifetime of regret» blir ei brå sistelinje.
Ei mindre gubbete og meir intens plate enn eg hadde trudd på førehand. Mannen er vel passert 70 med god margin no, og har framleis ein glød i seg – mykje av musikken parafraserer tidlegare Pink Floyd som om han insisterer på at dette har eg laga – og det fungerer veldig bra.
Kjelder:
Oz Clarke/Margareth Rand – Druer og viner
rogerwaters.com
Div Wikipedia
2 tankar på “Jalliet Clos Espinous 2015”