Je Suis Ton Père

Eg er far din… Anten du er drue eller jediriddar, så kjem vi alle frå ein stad. Luke Skywalker i Star Wars oppdaga på dramatisk  vis – i ei scene som antakeleg ville blitt klipt bort frå Tore på Sporet – opphavet sitt, medan Matthieu Barret fermenterer fortida. I Cornas har han ein liten parsell med dureza – «pappaen» til syrah – meir skulle det ikkje til for å laga seg fjollete ordspel og ein Darth Vader-variant av den etter kvart så kjende teddybjørn-etiketten.


Matthieu Barret – Petit Ours Brun som Stéphane Tissot kallar han – overtok familiegarden Domaine du Coulet  i 2001, og har vinmarker spreidd rundtom Cornas med parsellar som er opptil 80 år gamle. Filosofien handlar om å la druene visa fram særpreget med minst mogleg innblanding i kjellaren.  

 Matthieu Barret Je Suis Ton Père 2019

100% dureza, druer frå Arlettes-platået i Cornas (som vel berre tillèt syrah i raude vinar slik at dette formelt er ein Vin de France), 5 år gamle stokkar. Spontanfermentering, 9 månader på betong. Økologisk sertifisert, biodynamiske prinsipp. Gummi/plastkork med snuskete form var litt uventa. Det same var berre 11,5 prosent alkohol.

Bjørnebær, våt mose, nykverna pepar, timian og hengt vilt frå nyopna (og litt kald) flaske. Stigande temperatur i glaset gjev raskt lysare tonar med bringebær og morell – meir hage enn skog med tid og luft. Enno meir tid gjev lakris og provencekrydder. Behagelege men forsiktige duftar.

Varsamt anslag glir fort over i eit bringebærjuicy, slankt og lett midtparti som får selskap av eit bittertouch frå tyttebær. Solid lengde med mykje bringebær og rips. Litt lakris med tid, litt blåbær med mat.

Ikkje noko rustikk Cornas her. Morosam vin med ein forsiktig og dempa eleganse som smakte veldig bra til eit stykke mildt villsaulam. Antydning til tanniner (og botnfall) mot slutten av flaska, men fungerte fint også utan mat. Det vart berre laga 2800 flasker av denne, vonleg kjem det nye årgangar, for prøve denne du må.

Star Wars – Return of the Jedi O.S.T.

Ikonisk filmmusikk, Wagnerske ledemotiv, forsterka blåserekker i orkesteret, John Williams som komponist, dirigent og produsent, London Symphony Orchestra… Kva kan gå galt, liksom?

Her kjem hovudmelodien, sjølvsagt med innlagt Darth Vader-bonusmotiv DAA-DAA-DAA- DAATADAA-DAATADAA undervegs. Nydelege Luke and Leia vart komponert då John Williams trudde dei var love interests og ikkje søsken, Parade of the Ewoks er sjarmerande og lett komisk, medan Jabba-funklåta Lapti Nek – der bandet vart laga ved hjelp av Jim Henson og Muppets-gjengen – skapar Flashdance-stemning.

The Forrest Battle er ei herleg overdose med messingblås, det same er The Return of the Jedi (roll credits), medan Ewok Celebration blir i overkant barne tv-aktig.

Likevel har dette gått galt. Gullpressinga som alltid  ser ut som gull i reklamen, men er i beste fall beige når plata kjem i posten, har ei frykteleg lav kvalitet med dårleg dynamikk og mykje kanalstøy. Ekstra trasig når musikken er så bra og kanskje det er ei grunn til at plata har vedlagt plakat med Prinsesse Leia i distraherande gullbikini…

Kjelder:
Diverse Wookieepedia
http://domaineducoulet.com/

Leave a Reply