Joyce of life

«Two gallons is a great deal of wine, even for two paisanos. Spiritually the jugs maybe graduated thus: Just below the shoulder of the first bottle, serious and concentrated conversation. Two inches farther down, sweetly sad memory. Three inches more, thoughts of old and satisfactory loves. An inch, thoughts of bitter loves. Bottom of the first jug, general and undirected sadness. Shoulder of the second jug, black, unholy despondency. Two fingers down, a song of death or longing. A thumb, every other song each one knows. The graduations stop here, for the trail splits and there is no certainty. From this point anything can happen.»

Verknaden frå vinen er kanskje den same, men hadde John Steinbeck kjend att barndomens Salinas? Dalen i California – verdskjend gjennom Om mus og menn og Øst for Eden er hovudleverandør til den relativt ferske vinindustrien i Monterey-området. Mykje er kommersiell masseproduksjon, men innimellom blir det produsert vin med svært høg kvalitet frå området som fekk AVA –status (Sambandsstatane sitt svar på AOP/DOC) i 1984.  

I 1989 starta racerbilførar(!) og tannlege Francis Joyce så smått med drueplanting i ei bratt dalside. Etter kvart har det balla på seg og junior Russel, som no har overtatt garden, hentar druer frå fleire leverandørar i området. Målet er å få fram særpreget i distriktet gjennom druer med så høg kvalitet at dei treng å blanda seg minst mogleg mellom åker og flaske.

Joyce Submarine Canyon Monterey Pinot Noir 2017

100% Pinot noir, druer frå Danny Franscioni Vineyard 250 meter over havet, økologiske dyrka druer i kalkstein hjå De Tierra og forblåst Pinot Noir frå Mission Ranch som også har opplevd tett skodde nesten kvar morgon.

Namnet  er ei hylling til området sin eigen Grand Canyon i Montereybukta, undersjøisk og halvannan kilometer djup – og som har enorm påverknad på klimaet lokalt. Frå bukta kjem det inn kald vind og skodde noko som gjer at druene brukar lang tid på å modnast.

Såh! – litterært bakteppe og spanande geologi, men blir det bra – eller i det minste gøy – vin av det?

2017 vart hausta i kontrollert panikk. Ei varmebølgje var på veg og druene vart plukka mest på natt for å rekkja å få inn alt. 30 prosent i heile klasar. Spontanfermentert, varsam pressing, 8 månader i nøytral fransk eik, ufiltrert. minimalt med svovel.

Modne jordbær, småskitten sursøt funk frå nyopna flaske. Veks på seg meir komplekse tonar med tid i glaset – glir mellom bjørnebær, morell og blåplomme med lett parfymert sumarleg blomstereng bakom. Med enno meir tid kjem lysare bringebærduftar smygande.

Rundt anslag, konsentrert og elegant midtparti med søte blåplommer, morell, plommestein og nellik. Fin lengde med bra balanse mellom søte krydder og syrleg bringebær i avslutninga.

Hedonistisk og leiken vin som er meir spanande på smak enn på snute. Ikkje verdas mest komplekse sak, men velbalansert og skummelt lett å drikke. Fungerte fint til hjort. Supert kjøp til 210,-  

Laurie Anderson & Kronos Quartet – Landfall

And after the storm, I went down to basement. And everything was floating. Lots of my old keyboards. Thirty projectors. Props from old performances. A fibreglass plane. A motorcycle. Countless paper, and books. And I looked at them floating there on the shiny dark water. Dissolving. All the things I’d carefully saved all my life – becoming nothing but junk

And I thought: ‘How beautiful. How magic. And how… catastrophic’

Frå hedonistisk vin i California blir det meteorologisk dramatisk i New York. I oktober 2012 traff orkanen Sandy New York med stor kraft etter å ha rast gjennom Karibia. I kjølvatnet etterlet orkanen seg over 250 000 øydelagde køyretøy og skadar for 19 milliardar dollar i byen, 32 milliardar om ein reknar heile staten.

Ei av dei råka var multi-kunstnar Laurie Anderson – kanskje den mest kjende avant garde-figuren frå åttitalet. Film, dans, Peter Gabriel-samarbeid, dikt og ei evne til å vera i forkant (som oftast for tidleg) med elektronisk musikk.

Her møter samtidsmusikkrebellane i Kronoskvartetten det vakre i det tragiske – dette er avantgarde som får deg til å grine – der Anderson gjennom detaljert titla instrumental-låtar, ‘spoken word’ og elektronika gjenopplever førebuingane til orkanen, tankane undervegs og reaksjonane i etterkant når ho går gjennom alt som er tapt i arkiva hennar.

Kronos hadde lenge hatt lyst å gjera noko saman med Anderson – fragmenterte idear vart ein songsyklus, songsyklus vart ein konsert-turné og til slutt ei plate som fekk Grammy i 2018. Ekstremt vakker musikk med sentimental brodd, Nonesuch-innspelinga over 4 lp-sider er som vanleg så naturtru at det høyres ut som om musikarane sit i same rom som deg gjennom alle dei 30 låtane.

Kjelder:

Div. Wikipedia
https://joycewineco.com/
http://www.laurieanderson.com/
https://www.nonesuch.com/



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *