Kalkspitzgefühlen

I Hollenburg, Austerrike har familien Hoch drive handel på Donau sidan 1640, før dei spesialiserte seg på vinproduksjon etter andre verdskrigen. Frå 2013 byrja yngste Hoch – Cristoph – å laga sine eigne vinar der han blandar tradisjonell vinlaging med antroposofiske idear, geologisk nerding og stor entusiasme. Målet?

Inimitable wines with ageing potential. I know that a lot of winemakers state the same, but I have to go my own way to accomplish this with as few compromises as possible. I don’t want to make wines that are simply ‘good’. I want my wines to arouse real enthusiasm – or clear rejection. I want to inspire emotions! With the methods of the past and the knowledge of today I should be able to realise this!

Han byrja overgongen til biodynamisk drift i 2013 og var ferdig Demeter-godkjend i 2015. Nattverden likte det bokstavlege samarbeidet med pappa Hoch – vil han lukkast like godt på eigenhand?

Christoph Hoch Kalkspitz 2017

Grumsebobler frå Kremstal med Blauer Portugieser 5%, Sauvignon Blanc 5%, Grüner Veltliner 75%, Riesling 5%, Zweigelt 10%. Noko har vore innom fat, noko får ligga litt på skalet, noko får oksidera, andre gjennomgår malolaktisk fermentering – han har gjerne 40 sjølvstendige prosjekt parallelt kvart år før han bestemmer seg for korleis blandinga skal bli. Elles det vanlege steinerskulegreiene: handplukka druer, spontanfermentering, usvovla, ufiltrert…

Sursøt, sylta frukt og litt gjærduft frå nyopna flaske – eplesider, surøl, med tid litt kalk og sumarleg blomstereng.

Crisp og lett krydra anslag, slankt midtparti med herleg eplesmak og sitrontonar. Anstendig lengde i avslutninga med ei syre som dei gule plommene du plukka to dagar for tidleg på plommeslang, saman med sylta sitron.

Veldig kul vin – lett skitten snute med eit tydeleg naturvinpreg møter reine og presise smakar. Fungerte fint til brandade.

Christoph sjølv insisterer på at dette er lagringsvin – eg har tatt han på ordet og plassert ei flaske nummer 2 innerst i kjellaren – oppdatering om …tja… 5 år?

Paul Young – The Secret of Association

Plata som tok den britiske soul-artisten frå popstjerne til superstjerne i 1985, og som i dag står igjen som ei av dei beste platene frå åttitalet. Ok – synthtrommene er frykteleg utdaterte, lydane frå DX-7-synthen likeså, men vokalarrangementa er framleis i verdsklasse, musikken lét som eit band og ikkje eit studioprosjekt, og det er tydeleg at dei har det gøy. I tillegg gjorde Pino Palladino det same for fretlessbass i popmusikk som Jaco Pastorius gjorde for instrumentet i jazzen. Meir bassnerding seinare i teksten.

The sound of the album is a bit tougher and wilder. I think it was almost like, subconsciously, we knew we had to do something to pull it back in to more of an R&B type sound.

 

Bite the Hand That Feeds startar ballet – Simmons-trommelyden lét heilt krise, men grooven er intens, vokalen og korebidraget til Kim & Maz likeså. Leikent og sjarmerande, sjølv med forsøksvis tragisk tekst. Every Time You Go Away var ein middels hit frå Hall & Oats før Paul Young gjorde låta til si. Perfekt blue-eyed soul, nydeleg låt, tilsynelatande uanstrengt vokal, men –  som alle som har prøvd denne på karaoke veit – så er det nesten umogleg å komma i nærleiken av prestasjonen til Young. I’m Gonna Tear Your Playhouse Down er sjølvsagt Ann Peebles-hiten frå 1974, her i ei slags Industrial music møter oktavbass og ei av dei tøffaste låtane frå heile åttitalet.

Albumet kickstarta også ei anna karriere, og vi må gje Pino Palladino eit eige avsnitt. På TSoA og debutplata No Parlez er lyden til Palladino miksa så høgt opp at basslinjene er meir duettpartnar enn tradisjonell bassist. Noko slikt var aldri gjort i popmusikk før, og då bassisten sjølv høyrde Wherever I lay my hat vart han flau – The next time I heard it was on the radio, you now, and I heard that intro and I really felt embarrassed. It was sort of out there in front and I thought it sounded a bit out of tune… All musician are the same, we all think we’re rubbish. I remember being really nervous. Damn Laurie, why did you mix it so high? I’ll never get another gig… Ikkje berre fekk han fleire jobbar – mellom anna David Gilmour, Eric Clapton og Elton John henta han inn, han overtok i The Who etter avlidne John Entwistle, og spelte bass på Lady In Red. I dag turnerar han med D’Angelo og John Mayer.  

Standing on the Edge er midtempo-ballade med vokalmagi, medan eg ikkje klarar å bestemma meg for om å avslutta Side 1 med ei Tom Waits-låt frå Swordfishtrombones er modig eller berre dumt. Trommene på Soldier’s Things lét corny, bassen er tøff, vokalen er entusiastisk men klarer ikkje å formidla implikasjonane i teksten slik Tom Waits gjer det. Trombonesolo trekkjer opp, dog…

Side 2 startar med Everything Must Change ei slags soul-ballade møter steelgitar møter gospel møter Jaco Pastorius – og det funker! Eit av fleire høgdepunkt på plata – og eit gløymd triks frå albumtida: side to måtte starta med ei sterk låt for å engasjera lyttaren til å høyra vidare.
Tomb of Memories er mellom dei svakare låtane på albumet. One Step Forward er den obligatoriske balladen med strykarar – effektiv sentimental, og eit strålande døme på korleis Young brukar røysta si for å skapa ulike stemningar. Hot Fun er tyggegummi-pop og verkar framand på plata – eg mistenkjer at dette er noko plateselskapet insisterte på å ta med – trombonesolo og funky break trekkjer likevel opp. This Means Anything er nok ei sentimental midtempo-ballade som har ein del uventa og tøffe akkordskifter utan å overtyda heilt. I Was In Chains av Gavin Sutherland avsluttar ei fantastisk plate, og eg er fjorten år igjen…

Kjelder:
christoph-hoch.at
superdeluxeedition.com

3 tankar på “Kalkspitzgefühlen

Leave a Reply