I Kallmet – nordvest i Albania – lagar Kallmeti vin av Kallmet, den stadeigne albanske drua med vagt balkansk opphav, men som antakeleg er Kadarka i Ungarn og Gamza i Bulgaria. I 2006 byrja brørne Gjini å laga vin, med mål om å få det beste ut av dei tradisjonelle druene.
Kallmeti Kallmet 2022
Kallmet, Albania. 100 % Kallmet. 10 månadar i ståltank, før eit halvt år på fransk eik.

Morell, eksotisk treverk og litt nellik. Fruktsøt blåplomme og solvarme jordbær med litt tid i glaset. Enkle, men reine og behagelege duftar
Umiddelbar på tunga. Blåplomme, nykverna pepar, mjølkesjokolade og eit kirsebærsteinbittert stikk som glir over i ei avslutning med syrlege kirsebær og lett bitter kakao.

Leskande vin – enkel, men med nok ryggrad til å vera interessant – frå flaggskipet i albansk vinproduksjon. Tanninane er merkbare, men gjer lite av seg, Vinen smakte godt til ein regngrilla shishqebap med lam. Rett over 300 er heilt greitt for å prøva ei ny drue.
Pumpegris – Fritids

Eg er eit år seint ute, men kva gjer vel det når albumet er så bra. Som ein slags pønkevariant av Den Fule og Carla Kihlstedt, serverer Pumpegris kaotisk folkemusikk med uimotståelege pop-riff, tradisjonelle slåttar, og halvstemt piano.
Fragmenterte frustrasjonar blir Gen Z-hymner – framtidsangst, dysfunksjonell kjærleik og neste månads husleige vert drukna i øl – sinne, maktesløyse og lengt blir vikla inn i blått, både i tekst og musikk.
Ei plate som ikkje har noko med å vera så fengande, hysterisk morosamt og gråtkvalt tragisk på ein gong. Det verkar som eg har fått eit nytt favorittband…
Pumpegris spelar på Nattjazz, Bergen laurdag 6. juni
Kjelder:
https://kantinakallmeti.com/en
https://pumpegris.com/
