Krásná hora Blanc de Noir Brut Nature 2017

Både Morten og eg har prøvd oss på Krasna Hora før, men at dei hadde ein musserande lagd med sjampanjemetoden har gått under radaren min. I eit land mest kjend for øl og dram, heldt vingjengen seg i Moravia, søraust i Tsjekkia – her gjev eit kjøleg klima lang vekstsesong og forhåpentlegvis druer med mykje konsentrasjon.

Krásná Hora Blanc de Noir Brut Nature 2017

100 prosent Pinot Noir, biodynamisk,  handplukka druer,  8 månader på botnfallet i ståltankar, 20 månader på flaska før degorsjering.

Rosehage og gjærdeig – to duftereferansar som ser rarare ut skriftleg enn i nasa, eit lite pickels-preg rusker litt. Yoghurt Naturell langt baki. Runder fint av med litt tid i glaset og forblir på den blomstrete sida.

Har Krasna Hora fått kork på billigsal frå ein annan initial?

Friskt anslag med kremete munnkjensle, midtparti med saftig Granny Smith. Syrleg og lang avslutning utan å bli for spiss.

Litt ruskete snute blir tilgjeve av rein og herleg munnkjensle. Lettdrikkeleg og forfriskande med plenty med syre, men der brut nature ofte kan avslutta vel kantete, har denne ein rund og sjampanjeaktig feelgood-avslutning.  

Europe – The Final Countdown

Funfact: Før Europe vart Europe var dei progbandet Force.
Anyways traff dei nok hårmetall-planken saman med Bon Jovi på midten av 80-talet og denne plata selde 15 millionar eksemplar. Tittellåta er sjølvsagt ikonisk med Roland JX8 Brazzpatch-intro, allsongrefreng og luftgitarvenleg solo. Når først plata er i hus (ikkje spør) er eg oppriktig nyfiken på om dei har meir å by på.

Retrospektivt kan ein sjølvsagt stilla spørsmål om det var lurt å brenna krutet med opningslåta, men då plata kom var det ikkje venta at Final Countdown skulle bli større enn bandet sjølv. Rock The Night har litt av det same testosterondrivne trøkket, medan Carrie er ei vellukka kalkulert stadion-powerballade utan noko særleg særpreg. Danger on the Track er ein leiken liten guilty pleasure der dei med låge aksler leikar David Lee Roth og Van Halen møter Whitesnake…   

Herifrå går det nedover, Ninja prøver å vera mystisk, men blir berre gampete. Cherokee prøver å vera urfolkspolitisk, men Sting klarte nok det betre. Time Has Come trigger samtlege powerballade-klisjear, Heart of Stone er meir Deep Purple enn Deep Purple,medan On The Loose har den kortaste, men tøffaste gitarsoloen på plata. Ei utgjeving som nok ikkje har tålt 30 år utan premox…

Kjelder:
www.krasnahora.com
www.europetheband.com
Diverse Wikipedia


Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *