Eg medgjev at eg aldri har fått heilt fot for Muscat-greina i det store vintreet, anten det er overaromatiske austerrikarar, blomstrete franskmenn eller generiske dessertvinar. I alle fall før eg oppdaga Aimilios Andrei – med bakgrunn frå Thymiopoulos og Commando G – som eigentleg var på leit etter høgfjellsplanta Kotsifali på Kreta, men som fant eldgamal Moschato Spinas i staden.
Aòri Muscat of Spina 2024

Kreta, Hellas. 100 % Muscat of Spina (eller Muscat Blanc à Petits Grains om vi skal vera jålete) frå upoda 100 år gamle stokkar rundt 800 meter over havet. Spontanfermentering, ståltankar, 5 månader på botnfallet, 40 prosent av vinen blir vidare modna i keramiske kar. Økologiske prinsipp.

Kraftig sitron frå nyopna flaske. Glir over i fersken, druejuice, timian og sumarleg blomstereng. Reine og behagelege duftar.
Oljete munnkjensle. Lett pilsbitter før eit friskt midtparti med sitrus og salt. Litt bitre urter før ei saltsyrleg, havbrisfrisk og lang avslutning.

Artig vin som er litt all over the place med syre, salt, bittersmak og urter, men som landar på begge beina med reine duftar og smakar. Veldig godt til eit stykke salt torsk med bakt østerssopp. 14 % alkohol er ikkje merkbart på anna vis enn at eg shopper vip-billetter til Rick Astley-konsert. Mykje drikkeglede til ein trehundreogtjuelapp.
Richard Marx – After Hours

Her heime er han vel stort sett hugsa for Right Here Waiting, men Richard Marx var den første som hadde 7 singlar på rad inne på Billboard Top 5. I kulissane korte han for Lionel Richie, Madonna og Whitney Houston, skreiv låtar for så vidt ulike artistar som Kenny Rogers, Ringo Starr og Kiri Te Kanawa, og produserte N Sync.
Dei siste tiåra har det stort sett gått i vaksenpop, men no har han passert 60 og – som alle veit – då kjem behovet for å gje ut ei storbandplate. I Frank Sinatra-modus går han laus på mellom anna Gershwin og Glenn Miller, medan han prøver å skriva originalar i same stil for eit kjerneband med mellom anna Vinnie Colaiuta, og – som vanleg – ukrediterte storbandmusikarar. Musikken er spelt inn live i studio over tre ettermiddagar, men konseptet er så vagt formulert at eg mistenkjer at solistar og gjestar – her finn vi både Chris Botti, Kenny G og Rod Stewart – er spelt inn separat.
Leikent, og fylt med speleglede og gode arrangement. Marx sjølv crooner (sjølvsagt) perfekt og uanstrengt, men eg tar meg i å sakna litt meir motstand, litt større risiko i låtane. Uansett perfekt lounge-musikk til neste middagssamling…
Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
https://www.jancisrobinson.com/
https://www.richardmarx.com/

