Røft og ulendt terreng med forkastingar som ser ut som stivna bølgjer gjer det ikkje enkelt å driva landbruk i Priorat, likevel produserte dei mykje vin – i alle fall fram til phylloxera åt opp det meste, og det vart tryggare å satsa på oliven og nøtter. Likevel – eller kanskje nettopp derfor – produserer dei få som er igjen omtykte vinar, nærast på trass. Mest kjend for raude vinar – berre knappe 15 % av produksjonen er kvitvin. Likevel er dei kvite godt representert i bestillingsutvalet, og ved førre slepp slapp ei flaske inn i basis, og vart tilgjengeleg sjølv på vetlepolet mitt…
Costers del Priorat Rocafosca Blanc 2023

Priorat, Catalonia, Spania. 60 % Grenache Blanc, 30 % Macabeo, 10 % Pedro Ximénes. Handplukka druer der dei eldste stokkane vart planta i 1937. Spontanfermentert. Mesteparten lagra i ståltank, 20 % i eikefat. Økologisk sertifisert.
Kun flint frå nyopna flaske. Ikkje anna å gjere enn å ta ein pause med Szymborska-dikt før ordentleg smaking…
Jeg banker på steinens dør.
-Det er meg, slipp meg inn.
Jeg vil stige inn i ditt indre,
se meg om,
riktig puste deg inn.
[…]

Ein halvtimes poesi- og karaffelkarantene har gjort godt. Framleis steinete – men har no fått selskap av sitron, gule plommer, sumarleg blomstereng, litt grillrøyk og ørlite timian. Behagelege duftar.
Fyldig munnkjensle utan å bli fleskete. Forsiktig overgang til eit midtparti med lagvis sitron – frå nyskvist til sylta – saman med salt og litt bitre urter. Fyldig avslutning med akkurat nok syre til å kjennast frisk.

Ikkje konsentrert nok til å hevda seg heilt i toppen, men ein solid og velsmakande vin som smakte ekstra godt saman med eit stykke torsk med mandlar og sennep. Bra basiskjøp til litt over ein trehundrelapp.
Judith Hill – Letters From a Black Widow

Duettpartnar med Michael Jackson, debutplata produsert av Prince, og antakeleg den mest profilerte koristen i moderne musikk med bakgrunnsvokal for mellom anna Gregg Allman, Anastacia, Josh Groban, Mike Oldfield, Barry Manilow, Rod Stewart, Elton John, Robbie Williams og Eric Clapton, så vel som eigenskrive filmmusikk for Spike Lee. Med ei særprega røyst hoppar ho elegant frå R&B og funk til jazz og gospel, og er i tillegg ein strålande gitarist.
På Letters From a Black Widow møter vi ein hovudperson som er fylt av negative kjensler og knust sjølvtillit, og følgjer henne fram til ein slags katarsis med gjenfunnen empati og aksept. My Whole Life is in the Wrong Key er verdas tristaste og samstundes mest funky song. På Black Widow – eit kallenamn ho fekk online som nær samarbeidspartnar med Michael Jackson og Prince då dei døydde – tar ho eit intenst oppgjer med all internetthetsen ho opplevde i etterkant.
Undervegs glir musikken frå blues og funk til neo-soul, frå sorg og sinne til aksept og kampvilje, og kulminerer i den Labi Siffre-aktige balladen More Than Love. Og enno har eg ikkje snakka om stemmekvaliteten og fraseringa hennar ein stad mellom Paisley Park, Nina Simone og Aretha Franklin. Eit album som fortener minst like mykje merksemd som dei ho har hjelpt til å bli betre…
Judith Hill spelar på Cosmopolite, Oslo 22. mai og Nattjazz, Bergen 31. mai.
Kjelder:
https://costersdelpriorat.com/
https://www.judithhill.com/
Hadde vore kjekt med ein omtale av raude priorat og! Nytte nyleg ein las terassas 2004 med stor glede.