La Berta Pagadebit 2015

Uansett kor stusseleg året hadde vore kunne du alltid stola på at Bombino Bianco leverte ei stødig avkastning uansett ver og temperatur – så vesentleg for økonomi og nedbetaling av gjeld at drua nokon stader i Italia har fått namnet Pagadebit. Nattverden har tidlegare smakt Bombino Bianco i blanding med Malvasia og Trebbiano. Korleis klarer drua seg heilt åleine?

I Romagna har Pagadebit faktisk ein eigen DOC-status og midt mellom Bologna og Adriaterhavet har Podere La Berta insistert på å halda seg til lokale druer, med Sangiovese som den mest kjende. I tillegg satser dei tungt på ølbrygging.

La Berta Pagadebit 2015

100% Bombino Bianco, handplukka druer, 6 månader på ståltank.

Skumbanan, gult epleskrell og honning, parfymert med hylleblome. Ørlite mandlar langt baki.  Duftbilete på den søte sida utan å gjera noko særleg av seg.

Forsiktig anslag, midtparti med gule eple og eit nøttepreg. Litt stutt avslutning med sylta sitron.  

Reine, men forsiktige smakar – to timar på karaffel hentar fram sitron utan at det blir noko særleg meir lengde. Fungerte fint med rekecocktail. Ein beskjeden, men interessant vin, som eg skulle ønske hadde berre litt meir syre. Forsvarar greitt prisen på 140,-

Level 42 – A Physical Presence

Første liveplata frå Level 42 kom i 1985, shopper musikk frå dei fire første platene, og framstår gledeleg nok ofte som betre enn dei overproduserte studioversjonane.

Lydkvaliteten er ikkje den beste, men dette er før dei hadde det store gjennombrotet og ein kan nærast kjenna på kontakten mellom band og publikum at dei spelar på mindre konsertstader.  Mark King sjølv er eit monster på bass – og dette er heldigvis før han vart ein slaphand-sirkusbjørn – samspelet med Gould-brørne er tett, og Mike Lindup gjer ein solid jobb på tangentar (og er vel i tillegg ein betre vokalist enn King…). Gjestesaksofonist Krys Mach lagar litt jazztrøkk undervegs…

Høgdepunkt? Dei meir ukjende låtane Eyes Waterfalling og Kansas City Milkman har kjappare og kulare arrangement, men det er singlane Sun Goes Down, Hot Water og Love Games som står igjen som maktdemonstrasjonar  frå eit Level 42 i toppform.    

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner

poderelaberta.com


Div Wikipedia

Ein tanke på “La Berta Pagadebit 2015

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *