Lallier Brut Nature NV

Aÿ i Marne har nokre av dei mest kjende og prestisjefylte husa i heile Champagne – kan billegare bobler i området markera seg? Lallier lagde sin første vin i 1906, vart modernisert av tredje generasjon i 1996, og seld til Francis Tribaut i 2004.

Lallier Brut Nature NV

Pinot Noir 60%, Chardonnay 40%

Naturleg gjær frå Chardonnay-druene i Loridon-marka – for oversikt over kven som har gjerdeplikt kvar er Håvard sin artikkel om Aÿ obligatorisk lesing. Hovudbasen frå 2012, botnfallet fjerna i januar 2018.

Ekstrovert snute! Kraftig og rein Granny Smith frå nyopna flaske. I glaset kjem kveitebakst, blomstereng  og sitronskal saman med eit ørlite modna preg med steinsopp og tørka frukt. Så langt ein veldig behageleg vin å sniffa på.

Følgjer ikkje heilt opp i munn – bra trøkk i anslaget, men blir litt spinkel i midtpartiet sjølv om smakane er reine. Grønt eple på den spisse sida, litt grapefruktbitter sitrus, spiss avslutning med mykje sitron. Anstendig lengde.

Budsjettsjampanje som lover meir i nasa enn i munn. Enkel, men rein vin som fungerte veldig fint med røykelaks. Veldig godt kjøp til 280,-

Sir Adrian Boult/The London Philharmonic Orchestra – Holst: The Planets

Inspirert av astrologi og austleg filosofi, i stand til å lese og skrive sanskrit, sans for skeive taktarter – eg klarar ikkje fri meg for tanken at dersom Gustav Holst var fødd 80 år seinare hadde han vore keyboardist i Yes…

Orkestersuita har spesielt inspirert John Williams sine tema i Star Wars-universet. Sjølv havna Holst i skuggen av sin eigen suksess og syns etter kvart at Planetane fekk i overkant mykje merksemd framfor alt det andre han skreiv – eg medgjer sjølv at eg ikkje kan nemna eit einaste stykke av Gustav Holst utanom The Planets.

At Pluto for tida ikkje er ein planet gjer sjølvsagt astronomien meir presis. Plata frå 1978 er Sir Andrew Boult si femte(?) og siste innspeling av Planetane, og var i følgje Holst sjølv mannen som ‘first caused the Planets to shine.’

Det er mykje dynamikk i London Philharmonic Orchestra – Mars kunne fort erstatta Imperial March i Star Wars, medan Venus er tåredryppane vakker, sjølv om eg i periodar saknar litt framdrift.

Saturn er dvelande, mystisk og drar tankane mot Tibet – orkesteret lukkast med å gjera satsen nær hypnotisk, kun avbroten av småjazza, men stadig Bill Frisell-melodiske parti. Personleg favoritt-sats frå plata…  Uranus er ur-Star Wars igjen, men dessverre rotete spelt frå orkesteret si side og det er vanskeleg å få med seg alle detaljane sidan dei kompenserer med å gje gass i staden. Neptun er mystisk vakker, der London Philharmonic Choir gjer ein heltemodig gjeste-innsats. Kul plate som likevel ikkje riv meg av stolen…  

Kjelder:
https://champagne-lallier.com
Diverse Wikipedia

Leave a Reply