Leitz Dance

Sjølv om dei i hovudsak berre er transittlager for BU-bestillingane mine, så er eg ordentleg glad i lokalpolet mitt som heldt ut mine gretne årgangsreturar og endelause besøk når eg er vinøst selskapssjuk. Dei tar til og med inn ein del av tinga eg anbefaler (I praksis kjøper eg dei flaskene også, for å gjera det mindre pinleg for alle partar.). No tyder ting på at eg har undervurdert dei  – utanfor radaren min har dei tatt inn Berg Kaisersteinfels 2011 til butikken – og audmjukande nok måtte det ein bergensar til for å gjera meg merksam på det.

Leitz Rüdesheimer Berg Kaisersteinfels Riesling Terrassen 2011

Nyutpakka badeball og moden ananas frå nyopna flaske. Meir tilgjengeleg smak – honning, eple og fin lengde. Får ein times strafferunde på karaffel før ordentleg smaking.

Framleis litt petroleum, men betrakteleg dempa etter ein times lufting. Pære, lime, våt stein, mango og grønt eple. Etter kvart honning og noko karamellisert crème brûlée-aktig sødme. Nyansert og dempa duftbilete.

Slankt anslag som glir over i eit elegant midtparti med litt honning og mykje Granny Smith. Akkurat når ein kjenner litt på skuffinga over ein litt spinkel struktur så tar vinen rennefart inn i ei konsentrert avslutning med lime, grøne eple, grønt epleskrell, sitrondrops og sylta sitron, som berre varer og varer.

Kjem seint, men godt – overraskande beskjeden vin som tar det igjen i siste tredjedel. Litt meir forsiktig enn Rüdesheimer Berg 2010. Kjennes framleis ung ut, og treng ein heil del luft for å visa seg fram. Fungerte veldig bra saman med lakseceviche som henta fram søtare sitronsmakar frå vinen.

Prince – Originals

To lilla vinylplater, 1 cd og ei bok pakka inn i eit sexy design. Jauda – Prince-kvelvet  fortset å levera, og denne gongen er det musikk han skreiv for andre, kuratert av kjellarmeister Troy Carter og Jay-Z.

14 tidlegare u-utgjevne låtar som han gav til andre, men her innspelt av Prince sjølv, i form av – kva skal ein sei? – avanserte demoar, i hovudsak frå midten av åttitalet der produktiviteten var raudglødande. Som ein slags produsent-kingpin og amerikansk versjon av Trevor Horn hadde han heile tida fleire band i sirkulasjon med mellom anna The Time, Sheila E, Mazerati og Vanity 6 som trengte påfyll.

Undervegs vart Manic Monday ein kjempehit for Bangles, Nothing compares 2 U  det same for Sinéad O’Connor, mykje er skrive for ‘husbandet’ Apollonia 6, medan The Glamerous Life neppe kunne gått til andre enn Sheila E. You’re My Love ende opp hjå Kenny Rogers(!).

Spanande musikk i eit tøft design, men antakeleg mest for dedikerte Prince-fans.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *