Lo-Fi Gamay Noir 2016

Etter at dei skjerpa seg i Beaujolais, må vel Gamay vera verdas mest anvendelege raudvinsdrue? Lett og leskande til uformell drikking, lav alkohol slik at ein kan ta berre-eitt-glas-til-takk-skal-tidleg-opp-og-få-noko-ut-av-dagen, ryggrad nok til å takla ein matbit, du får mengder av sommelier-kred, og prisnivået er behageleg. Vin frå Moulin-à-Vent, Morgon og Fleurie gjev enormt med drikkeglede – korleis vil same drue oppføra seg med oppvekst i Sambandsstatane?

På nittitalet då amerikansk vin skulle vera jammy og ha sweet fruit var det enkelte som gjekk motstraums og planta Gamay i California, og dermed la til rette for ein slankare vinstil. Sidan 2012 har kompisane Mike Roth og Craig Winchester laga vin i Santa Barbara, – druematerialet er litt innkjøpt og litt sjølvdyrka, produksjonslokalet er delt med fleire andre produsentar. Med denne uformelle tilnærminga kombinert med ei enorm musikkinteresse er det kanskje ikkje rart at firmanamnet vart Lo-Fi Wines.

Wine is like life and music. Both are filled with resonance, distortion, simplicity, modesty, intimacy and ingenious integrity of the natural processes.


Lo-Fi Gamay Noir 2016

Lavintervensjonsvin, handplukka druer, spontanfermentert, ufiltrert, minimalt med svovling, 6 månader på nøytrale fat.

Frisk kirsebærduft frå nyopna flaske. Glir over i moreller og litt sursøte kirsebær saman med eit lite whiff av sauefjøs. Med tid i glaset kjem svart pepar og bringebær. Kul snute!

Saftig syrebombe – her er syre som ein 2010-riesling! Friske bringebær i anslaget glir over i lagvis morellsmak som gjev akkurat nok sødme til at vinen kjennest balansert – avslutning med raude bær og eit lite gjærstikk som rusker litt. Samlar seg med tid, syra vert mindre intens og bærpreget tydelegare.

Enkle, men tydelege smakar – ikkje like elegant som dei franske alternativa, men fungerte likevel fint til kvit pizza med pølse og steinsopp.


Primus – Miscellaneous Debris

Innimellom gjestespeling med Tom Waits og produksjon av Pachyderm Fine Wines heldt visstnok Les Claypool liv i bandet enno.  Primus må uansett vera verdas mest suksessrike steampunk-funkband, eg kjem ikkje på nokon som har blitt så store festivalfavorittar og samstundes sloppe unna med å vera så eksentriske.

På EPen Misc Debris får vi 5 coverlåtar der bandet har leikt seg i studio. Intruder lét meir creepy enn Peter Gabriel, medan XTC sin Making Plans For Nigel svinger heilt vilt. Sinister Exaggerator er minst like skummel som originalen frå Residents.

Tippi Toes (The Meters) er ikkje så veldig spanande, men dei vaknar igjen på Have a Cigar med ein versjon eg innmellom likar betre enn Pink Floyd sin. For spesielt interesserte finns det konsertopptak rundtom på nettet der dei gjer heile Animals frå start til slutt…

Kjelder:
www.lofi-wines.com
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner

3 tankar på “Lo-Fi Gamay Noir 2016

Leave a Reply