Lønn for Strevi?

Eg burde vita betre enn å rota rundt med obskure italienske druer – det er liksom så mykje enklare i tysktalande områder, der til dømes Kerner vart fødd i 1929. I Italia skifter druene namn mellom dalføra, og når ein trur ein har funne noko heilt nytt så syner det seg berre å vere Grenache med ei sexy adresse…

Uansett, Barbera Bianca – som ikkje har noko til felles med Barbera, anna enn at druene liknar i form – er ei stadeigen kvit drue frå Piemonte der ho vert kalla Caricalasino i området rundt Strevi, og Carica l’Asino eit stykke vestover. I alle fall om ein skal lytte til produsenten. Går ein derimot til Jancis Robinson så skriv ho i drueleksikonet sitt at det er ‘vanleg’ å feilaktig blanda saman Carica l’Asino med Barbera Bianco. Eg vil heller ha vin og overlet Mikke Mus-arbeidet til kommentarfeltet…

Søstrene Marenco representerer no familiebedrifta i tredje generasjon, der Patrizia er hovudansvarleg for sjølve vinlaginga. I 1990 fann ho nokre bortgøymde Caricalasino-planter og sat i gong med å laga stiklingar, noko som etter kvart har blitt til 3000 drueplantar.

Marenco Carioloso 2016

100% Barbera Bianca/Caricalasino, handplukka druer, 3-4 månader på botnfallet i barriques.

Blomsterengparfymert duft, sylta sitron og kjørvel frå nyopna (og altfor kald) flaske. Endrar seg lite medan temperaturen stig.

Forsiktig anslag før eit behageleg midtparti med pære og fyldig sitron. Bra lengde og fin, syrleg avslutning. Smattar lenge på sitrondrops og urter mellom slurkane.

Behageleg og frisk – men litt smålåten – vin som byggjer fylde med luftetid. Fungerte fint til røykt aure-kvelds, denne funker heilt sikkert til lette pastaretter og kylling også. Fint kjøp til 205,-

Martha Argerich & Itzhak Perlman – Schumann Brahms  Bach

Det er liksom ikkje ofte ein får ein Schumann-vertikal på plate. Då dei møttest musikalsk første gong i 1998 gjorde dei Sonate for piano og fiolin nr. 1 i a-moll live.  I 2016 var det tid for 3 Fantasistykker, denne gong i studio. På plata kjem dei rett etter kvarandre – sonaten flyt fint mellom småbrutale deler og  sarte og lyriske parti – der pianoet forsvinn litt bak ekspressivt fiolinspel, noko Argerich tar igjen til gagns når ho vil vere med å leike i dei meir tekniske forte-delane. Hoppar vi fram 18 år så har duoen begge fylt 70 med god margin utan at dei lar seg affisere av alderen – lyden og balansen er betre, speleglede siv ut frå rillene, og det verkar som dei hentar energi frå kvarandre.

Det har vore ei greie å mislike Brahms i 150 år no – og ja, c-moll-scherzoen er litt dramaqueen, men herregud så herleg intenst Argerich og Perlman tar rennefart og angrip stykket. Då tilgjev eg at det blir i overkant gampete innimellom. Bach-sonaten er ei oppvisning i samspel der Argerich responderer umiddelbart på små detaljer i fiolinen, medan Perlman fraserer så meisterleg dei lange melodilinjene –  Adagioen er lett barokken sitt svar på Careless Whisper og den avsluttande allegroen har nok melodisk materiale til 14 fuger…

Eg pleier konsekvent å vera skeptisk til supergrupper, men her er det to instrumentalister i verdsklasse som gjer kvarandre betre heile vegen. Imponerande utgjeving!  

Kjelder:
Jancis Robinson – Wine Grapes
Diverse Wikipedia
https://www.marencovini.com/
Liner notes

Leave a Reply