Mens vi venter på Gaunoux

Med i praksis stengde grenser er det trøkk på Vinmonopolet sine nettsider, og då vinen eg hadde bestilt vart utsett for cancel culture og ikkje levert, antok eg det var Skynet avd. Vectura som hadde rota det til. Lett overraska oppdaga eg etter kvart at flaska levde som ein slags Schrödingers Chardonnay på lokalpolet mitt, både kansellert og i butikken på ein gong.

Ur-Gaunoux, Henri, la grunnlaget som barnebarn Jean-Michel no fører vidare frå basen i Meursault. I tilegg har dei druer i Pommard, Puligny og Volnay.

Dom. Jean-Michel Gaunoux & Fils Bourgogne Blanc 2018

100% chardonnay frå ein liten åker rett oppafor ‘Les Perrieres’, med druer planta i 1981. Økologiske prinsipp, spontangjæring i store fat, mogning på botnfallet i eit halvt år.

Lime, våt stein og vokslys frå nyopna flaske. Kjennes innestengt på snuten, får ein times karaffelkarantene før ordentleg smaking.

Vinn på lufting; nyskvist lime, ananas, flintstein, litt tørka nellik. Behageleg duft.

Friskt anslag med ananas. Lime og tropisk nektar, litt smør, litt grapefrukt, litt hasselnøtt. Syrleg avslutning med eplekart og sitrondrops.

Etter nokre timar er det sitrusen som vinn terreng og vinen blir friskare og meir leskande – ikkje all verdas komplekse sak, men sjarmerande og drikkevenleg med reine smakar. Fungerte veldig bra med lobster rolls, men vil nok ha godt av eit par år i kjellaren.  

Level 42 – The Early tapes

Ting er litt tilfeldige her i livet – før Level 42 blei superstjerner var dei eit (i hovudsak) instrumentalt jazzrockband i sånn Stanley Clarke/George Duke-stil og kunne gjerne blitt vagt hugsa som det. Her er debutinnspelinga med opphaveleg besetning og eit band som prøver på ein måte å vera  pop og jazzrock samstundes. Denne spagaten var då også grunnen til at Boon og Philip Gould forlét skuta då bandet vart for kommersielt for deira smak.

Allereie i 1980 var 22 år gamle Mark King eit unikt fenomen på klaskebass, men det er tydeleg at sjølvtilliten som vokalist kom seinare. Mike Lindup er på god veg til å bli ein britisk George Duke, medan Gould-brørne er telepatisk samspelte.

Sjarmerande nok, men kanskje mest ei plate for fansen og dei som framleis høyrer på 80s fusion. Likevel er det nok av frampeik her: Autumn og Theme to Margaret har mykje av framtidig Level 42 i seg, medan Mr Pink og 88 levde vidare i liveversjonar i mange år etterpå.

Kjelder:
http://www.jean-michel-gaunoux.com/
https://www.level42.com/
Diverse Wikipedia

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *