Eg smakar for lite søt vin. Når dei dukkar opp er det oftast i samband med større måltid, og då blir det gjerne sånn at fleire vinar først har fått merksemd og gjerne hatt bedøvande effekt på både smaksløkar og konsentrasjon. For å bøte på dette bestemte eg meg for at sunn regulering av impulsar er noko som skjer med andre, og å ha ost som middag. Dette skapte behov for vin eg vanlegvis ikkje drikk så mykje av.
Huet Vouvray Le Mont Moelleux 2003

Loire, Frankrike. 100 % Chenin Blanc. Overmodne druer frå eit overvarmt år med rundtom 50 gram sukker med på lasset. Biodynamisk og sånn.

Litt støvete duft saman med modne, gule eple og honning frå nyopna flaske. Lite som indikerer ein søt vin ved første sniff. Nokre minuttars tålmod gjev aprikos, kvit pepar, lavendel, mynte og meir honning, og ender opp som ein behageleg krydra eplepai før eg i det heile har tatt første slurk.

Lett oljete munnkjensle. Karamell, søt pære, søt honning, søt vin. Treng enno litt meir tålmod og luft før eple- og appelsinsyra kjem listande og balanserer ei lang avslutning.

God – men ikkje spektakulær – flaske som glei frå dessert- til ostevin med tid til hjelp, og fungerte strålande til eit salt stykke Kraftkar. Kjennes framleis ung ut, og kunne nok lagt trygt i kjellaren i mange år til.
Alex Lifeson – Victor

Rush rører på seg igjen, og dermed ei orsaking til å gjenvitja 1996-plata til gitarist Alex Lifeson, her i remiksa 2024-utgåve.
Tematisk er det dystrare enn Rush – her utforskar han dei mørke sidene av kjærleik: besettelse, dødeleg sjalusi og svik – mykje inspirert av å lesa poeten W.H. Auden. Sjølv er Lifeson ein betre gitarist enn vokalist, musikalsk vil han litt for mykje på ein gong. Det sprikar frå melodisk hardrock til Joe Satriani-prog til irriterande retningslaus bluesjamming over folk som «kranglar» i studio – heldigvis nok gitardetaljar til å vekkja interessen ofte nok mesteparten av platesidene.
Periodevis spanande, innimellom genial, men litt for ofte middels plate som vert redda av gitarspeling ein stad mellom Fripp og Belew – samt ei intens Lisa Dalbello på gjestevokal.
Kjelder:
https://www.domainehuet.com/
https://alexlifeson.com/
