Mourvèdre on the dance floor

Rajat Parr Wine Club Anika Mourvèdre 2019

Central Coast, California, Sambandsstatane. 100 % mourvèdre – monastrell i Spania, blend i Rhone og innimellom einsleg drue… 100 år gamle vinstokkar frå Enz Vineyard i Lime Kiln Valley. Spontanfermentert i heile klasar i digre sementkar, så 10 månadar i nøytrale eikefat. Økologiske, biodynamiske og veganske prinsipp.

Bjørnebær, blåbær, pepperkake, raud smågodtfisk og søtleg krydderhylle. Små whiff med våt skogbotn minner om Rhone. Mykje frukt, lite stall. Behagelege duftar som endrar seg frå sniff til sniff, vin på stadig vandring.

Røft anslag med mykje svart pepar. Rundar av inn i eit midtparti med modne bjørnebær, søte blåplommer og bitter lakris. Lang avslutning der søtleg jordbær og syrleg bringebær kranglar om merksemda. Tanninane kjem seint til festen og er ikkje merkbare før i siste tredjedelen av flaska.

Gøy vin som stadig endrar seg frå ein slurk til neste. Meir elegant enn eg hadde venta meg, fungerte strålande til eit stykke lam. Enorm drikkeglede til ein trehundreogfemtilapp.

Lamont Dozier – Reimagination

I’m just a great composer and not a violent man
But I lost my composure and I shot Ferdinand
Crying “it’s well and kosher to say you don’t understand
but this is for Holland-Dozier-Holland” (Stephin Merrit)

På sekstitalet kverna låtskrivarkollektivet Holland–Dozier–Holland ut hits for Motown på dagleg basis. Baby Love, Stop! In the name of love, og You keep me hangin’ on for The Supremes er deira verk.  Av rundt 400 låtar vart 70 top10-hits og over 40 nådde førsteplass.

I august 2022 døydde Lamont Dozier, 81 år gamal. I tillegg til Supremes og eigen karriere var han  pennen bak The Four Tops og The Isley Brothers. Seinare skreiv han Two Hearts med Phil Collins og Invisible for Alison Moyet, samt ei rekkje songar for Simply Red.

I 2018 tok 76-åringen tak i eige materiale, inviterte ei rekkje gjestar og lagde cover-album med eigne songar. Det vi får er pianobaserte, nedstrippa variantar av Motown-hitane – Lamont er ein djevelsk god og fleksibel vokalist – sjølv med mengder av gjester er ikkje dette eit duett-album, her syng Graham Nash, Gregory Porter and Cliff Richard bakgrunnsvokal, medan Lee Ann Womack og Jo Harman sine bidrag er vedunderlege. Eit strålande testamente etter ein av dei store…

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og Viner
Diverse Wikipedia
https://www.rajparrwineclub.com/

Leave a Reply