Murmel, murmel, murmel…

Eigentleg var Frode Refstad ferdig med vinbonding då han selde Tenuta il Sogno og flytta frå Asti til Valle d’Aosta for å bli fjellfant på heiltid. Imidlertid ser det ut til at han vart jordsjuk og kjøpte seg litt druemark, og så litt til. Dette er no blitt til eit par tusen flasker, fordelt mellom svært lokale druer og meir populistiske typar.   

Cantina la Marmotta Vin Rouge 2019

Valle d’Aosta, Italia. 40 % petit rouge 40 % gamay 10 % pinot noir, 10 % cornalin. 1/3 har fått 8 månader på nøytral eik, resten på ståltank. Økologiske prinsipp.

Litt drueleksikon først: petit rouge er hyperlokal, og kanskje eller kanskje ikkje tvillingen til sveitsiske rouge de Valais. Cornalin ditto, med ein halvbror i Sveits.

Aromatisk frå nyopna flaske. Solbær, bjørnebær og våt skogsbunn. Ørlite gamay-floral. Søtleg lakris når temperaturen stig i glaset. Behagelege duftar.

Kirsebærsyrleg, men forsiktig anslag. Ripssaft og blåplommer i mellompartiet, mister litt rennefart, men kjem igjen i ei lang avslutning med fint balansert syre og ørlite nellik. Med tid i glaset snik det seg inn eit bærsteinbittert touch og etter kvart tyttebær.

Rein og vellaga vin som kjennes frisk og kjøleg, sjølv med sine 14 % alkohol. Fungerte supert til eit stykke lam. Men 400 kroner? Tja, med ekstremt småskala-handverk, samt over snittet utgifter til fjellsko og Aperol Spritz, så er det vel innafor…

Rush – Hold Your Fire

Ah! Dei “kontroversielle” 80-talsplatene til Rush… Hold Your Fire fekk ei audiofil overhaling i 2015 (Der andre slapp 180 grams LPar, kjem sjølvsagt Rush med 200 gram…) og no eit høve til å sjekke om Jan Tore (50) har like god musikksmak som Jan Tore (16).  

Det lét faktisk veldig flott. Sjølv om det er ein del synthlydar som ropar 1986, så er det ikkje så påtrengande som frykta (sjølv om introen til tittellåta er for alltid øydelagd). Der symfonisk rock som oftast har eitt eller anna gjennomgåande konsept, er det her individuelle knallsterke låtar som ber plata.

Tekstane er kloke om politiske og mellommenneskelege relasjonar, sjølv om dei innimellom tar Jon Anderson-eteriske snarvegar, bass og trommer har meir enn nok “umoglege” detaljar til å halda neste generasjon på øvingsrommet, Aimee Mann som “hemmeleg” gjest er supersexy, og røysta til Geddy Lee kler låtane. Ei plate som har overlevd mykje betre enn frykta…

Kjelder:
Diverse wikipedia
Oz Clarke/ Margaret Rand – Druer og Viner
 https://www.rush.com/

Leave a Reply