Når nettene blir Langhe

Reell protest mot eit rigid og forelda klassifiseringssystem, eller genialt marknadsstunt? Etichetta di Protesta er uansett mellom dei mest gjenkjennbare flaskene i hylla – underkjend som Barolo DOCG av ‘nemnda’, nedklassa til Langhe Nebbiolo, og døypt «No Name».

Håvard har gått grundig gjennom vingarden HER

Borgogno No Name 2010

100% Nebbiolo, 2 veker skalkontakt, 3 år på slavonsk eik, erketradisjonell stil.

Hageroser og asfalt frå nyopna, kjellarkald flaske. Får 3 timars strafferunde på karaffel før ordentleg smaking.

Litt støvete snute. Skinnjakke, oljegrus og morell, parfymert med hagerose, nellik  og blomstereng. Blåplommer og mørk sjokolade dytter  bakom. Plommeduften blir nesten litt (for) intens med tid i glaset. Enno meir tid gjev kompleks miks av steinfrukt og fruktstein, pluss steinsopp, lakris og tjære. Meir og meir fascinerande å berre sniffe til glaset.

Rundt anslag, mykje blåplommer, kaffibønner, raudt epleskrell og bitter lakris. Fyldig, varm og konsentrert. Slipte tanniner, men merkbare frå første slurk. Rund avslutning, men byggjer kirsebærsyrleg lengde med tid.  

Knallgod vin som fort endrar karakter frå kos til tannin-krevjande i andre glaset – treng å få slengt til seg nokre kjøtbiter for å haldast i sjakk. Ein slags brutal eleganse som fungerte veldig bra til både fenalår og eit stykke hjort med sopp. Har trengt mogningstida etter 2010, og tåler nok meir kjellartid.

Diverse Artistar – Come on up to the House-Women Sing Waits

Tom Waits fylte 70 i 2019, og Nashville-labelen Dualtone markerer med ei balladeplate sunge av kvinnelege artistar, hovudsakeleg frå alt-country- og folkrock-sjangeren, akkompagnert av ukrediterte musikarar. Kvinner som syng Tom Waits er for så vidt ikkje noko nytt. Solveig Slettahjell har laga jazzballade av Take it with me, som bør bli standardlåt, Scarlett Johansson laga ei heil plate med Waits-covers.

Det byrjar diverre ikkje så bra – tittellåta vert ikkje tilførd noko nytt, og det verkar som tongue in cheek-laga med ironi i originalen blir heilt oversett. Heldigvis kan ein alltid stola på Aimee Mann. Hold On er sterk og trist på ein gong, medan Georgia Lee (Corinne Rae) er grinelåten på plata. Patty Griffin, Rosanne Cash og Iris DeMent tar ei vellukka country & Western-rute, spesielt House Where Nobody Lives er nydeleg sårt.  

To tredeler inn i plata er det for så vidt fint og sentimentalt slik ei balladeplate i tradisjonen frå Sambandsstatane skal vere, men personleg saknar eg at nokon tar litt større sjansar. Då er det godt å ha Kat Edmondson som leverer ein eksentrisk David Lynch-jazzversjon av You Can Never Hold Back Spring.

12 låtar med 12 særprega artistar der tilnærminga for det meste er vellukka – det er nokre overjordiske vokalarrangement undervegs (Hei, The Wild Reeds!), men kunne vore jamt over modigare. Kanskje meir eigna til å få meg til å henta fram att originalane. (I korrekturlesinga ser eg at eg antakleg framstår meir negativ enn eigentleg meint – om ein likar tidleg Tom Waits er det mykje gull å henta her…).

Kjelder:
www.borgogno.com
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
www.dualtone.com
Liner Notes

Ein tanke på “Når nettene blir Langhe

Leave a Reply