Oransje frå Libanon

Atter skal dei bu i min skugge,
endå ein gong skal dei dyrka korn.
Dei skal bløma som eit vintre,
få ry som vinen frå Libanon.

Heimflyttar Maher – utdanna i Frankrike, og med ein draum om å laga eigen vin, planta sjølv 5000 druestokkar på odelsgarden og er i dag den einaste biodynamiske vinprodusenten i Libanon.   

Obeideh/Obaideh/Obeidy/Obeidi/Obladi/Oblada – libanesisk drue, som i enkelte leksika vert plassert som Chardonnay, andre stadar som ein forfar til Chardonnay – medan nyare drue-csi hevdar å ikkje finna noko slektskap. Tynnskinna drue – så tynt at ein kan sjå steinane gjennom skalet, tradisjonelt brukt som matdrue og til brennevin, men som i Libanon etter kvart har fått vera med å leike både i blend og som eindruevin.

Sept Obeideh 2021

Batroun, Libanon. 100 % Obaideh frå enkeltmark 1050 meter over havet. Handplukka druer, spontanfermentering,  biodynamiske prinsipp (som eg ikkje kan forstå kan kombinerast med ‘vegansk’ slik dei gjer, men det får bli ein annan artikkel…). Ufiltrert, uklarna og lett tåkete innhald.  

Sursøt frukt, eplesekt og sumarleg blomstereng. Ørlite honning og sitronskal bakom. Behagelege duftar.

Fyldig munnkjensle. Mykje eple og syrleg eplesekt med litt gule plommer og  sursøt plommechutney. (Overraskande) mykje syre i ei lang avslutning reinskar godt opp.

Vellukka steinerskulevin på den moderate oransje- og natursida med bra konsentrasjon og reine duftar og smakar. Veldig godt til eit stykke torsk med sennep og mandlar, men til 390,- blir det nok mest for spesielt interesserte eller til nachspiel på Nesodden. 

-Men, tenkjer du nok no. –Skal han skriva om libanesisk oransjevin utan å nemne Merweh – drua som libanesarane vil ha som si eigen, men som antakeleg er ein variant av Semillon?

Sept Merweh 2020

Batroun, Libanon. 100 % Merweh. Handplukka druer frå 130 år gamle planter på 900 meter – mellom få stokkar som har overlevd både phylloxera og borgarkrig. Spontanfermentert og lagra i ståltank. Biodynamiske prinsipp. Handskriven etikett (flaske 1122 av 2400).

Eplesekt, våt stein, mango, mandlar og litt honning. Ørlite sursøt pickles i bakgrunnen.

Smålubben, fløyteaktig munnkjensle som raskt får selskap av ei skarp eplesyre og syrleg tamarind i eit konsentrert midtparti. Tropisk nektar med ekstra aprikos kamuflerer og balanserer ei heftig syre i avslutninga. Smattar på eple og mandel i all æve mellom slurkane.

Vellukka og seriøs oransjevin som eg likte veldig godt, og føler at denne er  verd sine nesten 400 kroner. Fyldig og frisk på ein gong, saman med ein evigvarande ettersmak som fungerte bra til behari kebab, men som eg trur vil bli enno betre til fjørfe eller fisk med smørsaus.      

Jon & Vangelis – The Best of…

Jon Anderson – eterisk alt-røyst i Yes med ei hang til å skriva tekstar som berre – og antakeleg knapt nok han sjølv – forstår, slo seg saman med elektronika-pioner Evangelos Odysseas Papathanassiou (han med Chariots of Fire) til noko som vart fire studio- og to samleplater. “Vår” musikk er henta frå dei tre første…

Vanlegvis føretrekk eg ‘vanlege’ album, men i dette tilfellet gjer eg eit unntak med Best of-plata frå 1984 – og som ein som lyttar til både Close to the Edge og (uironisk(!) til) 90125 så veit eg at Jon Anderson kan synga. Då er det meir deilig å følgje maestro Vangelis sine enorme lydkulissar, og samstundes vite at mykje av magien vart gjort live i studio.     

Italian Song er kantateaktig vakker, I’ll Find My Way Home vart ein liten hit, State of Independence fekk større suksess med Donna Summer, medan I Hear You Now pussig nok vart største hiten i Storbritannia. Min eigen favoritt er uansett 11 minuttar lange The Friends of Mr Cairo, verdas kulaste hommage til Film noir generelt og Malteserfalken spesielt.      

Kjelder:

https://levinsept.com/
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
Bibelen
Trevor Horn – Adventures in modern recording
Diverse wikipedia
https://www.jonanderson.com/

Leave a Reply