Oreste Buzio Grignolino del Monferrato Casalese 2018

Noko må ein jo ha å drikka på medan Nebbioloen modnar. Unge, friske Grignolino  – antakeleg ei genuin Piemonte-drue som – med eit lite og pussig unntak i California – knapt eksisterer nokon annan stad i verda. Trass lav etterspurnad og status har drua to DOCer i Piemonte – «vår» vin kjem frå den med det tøffaste namnet: Grignolino del Monferrato Casalese. Ikkje ei drue som folk står i kø for, men i ei verd der konsumentane etterspør stadig lettare vinar er det kanskje plass for Grignolino likevel?

Oreste Buzio Grignolino del Monferrato Casalese 2018

100% Grignolino, handplukka druer, økologisk.

Litt støvete snute frå nyopna flaske, men lufter det fort av seg. Modne jordbær og blomstereng med litt nellik bakom. Med tid i glaset kjem kirsebær og kamferkiste. Noko grønt gras roter duftbiletet litt til – meir malplassert enn ubehageleg. Alt i alt kjekk vin å sniffa på.

Friskare anslag enn duften indikerar, syrlege bringebær blanda med fyldig kirsebær og eit småbittert urte-sting. Anstendig lengde med mykje rips som rundar av i ein sjøsalt finale.

Juicy, enkel, leskande og lettdrikkeleg vin med nok tanniner og urter til å gje matvenleg ryggrad. Fungerte fint til skive med salami, men dette burde gå bra med pizza, sumar og tomatbasert pasti. Eit røvarkjøp til 165,-

Chick Corea + Steve Gadd Band – Chinese Butterfly

Dei to legendene har kryssa veger før, både i studio og på scena, men begge var fylt 70 før dei verkeleg fann på noko saman. Steve Gadd er mannen bak trommeriffet på 50 Ways To Leave Your Lover og hundrevis av plateinnspelingar, medan Chick Corea er …vel… Chick Corea.


Trippelplate frå 2017 med uformell og leiken tilnærming – det verkar som innspelinga er gjort live i studio, lyden er knallbra og det lét som eit band, ikkje som eit ‘prosjekt’. Dei fyrer av med John McLaughlin sin Chick’s Chums og klarer å ivareta ein nesten overengasjert funky søttitalsgroove gjennom låta – kjempestart! Etter eit par litt for retningslause åttitalsjazz-pastisjar finn bandet formen igjen i tittellåta – bandmedlemane får plass som solistar medan Corea kastar meir og meir komplekse Fender Rhodes-linjer på instrumentalistane. Tromminga til Gadd er nesten orkestral og Chick Corea burde uansett spela meir Rhodes…

Nyinnspelinga av Return To Forever blir ein liten nedtur. Gjestevokalist Philip Bailey gjer ein kjempejobb, men det høyrest ut som dei prøver litt for hardt. Plata sluttar med to perler – Wake-up Call slepp beninske Lionel Loueke til med hypnotisk grooving både på gitar og vokal, medan Corea-komposisjonen Gadd-Zooks er ei heseblesande og morosam hylling til kompisen, der Gadd trommer seg gjennom nesten kvar einaste sjanger han har vore innom – her går det frå dvelande innleiing til komplekse taktskeive linjer til jazzrock til sånn Ståle Storløkken/Humcrush-jazz til cheesy pop til latin. Flott musikk frå legender som ikkje har gløymt å leike sjølv om dei nærmar seg åtti…


Kjelder:
https://orestebuzio.it
Oz Clark/Margaret Rand – Druer og viner
Diverse Wikipedia

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *