På oljeberget

Det stundar mot Kristi Himmelferdsdag og – sjølv om det er lite dokumentert utanom Evangeliet etter Lukas – markeringa til minne om at Kristus vart teken vekk frå jorda.

«Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt. Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda. Då han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for auga deira.»

«Som dei stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei og sa: «Galilearar, kvifor står de og ser opp mot himmelen? Denne Jesus, som vart teken bort frå dykk opp til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen. Då vende dei tilbake til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg nær Jerusalem, berre ei sabbatsreise unna.»

På Oljeberget går Apostelgjerningane no i fullt årsmøte-modus. Det skal trekkjast lodd over kven som får den ledige plassen etter Judas, og plassen vert tildelt Mattias. Som lova kom Den Heilage Ande veka etter og – på dramatisk vis – gav dei evna til å forkynna på framande språk, noko som imponerte dei fleste innflyttarane i Jerusalem. Sjølvsagt var det også gledesdreparar:

Men nokre gjorde narr av dei og sa: «Dei har drukke seg fulle på søt vin.» Då steig Peter fram saman med dei elleve. Med sterk røyst tala han til dei: «Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Merk dykk kva eg seier. Ja, lyd vel til orda mine!  Desse menneska er ikkje fulle, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen.»

Peter og Johannes satsa lokalt i Jerusalem med forkynninga, vann følgjarar, men møtte mykje motstand frå ordensmakta. Likevel etablerte den nye kristendomen seg raskt heilt til Damaskus. Og – ironisk nok – forfølginga medførde flukt, noko som antakeleg tok bodskapet raskare ut i verda. Apostlane for til Kypros, til Tyrkia, til Hellas, til Malta, og til slutt heilt til Roma.

Dei fleste møtte grusomme  endelikt – krossfesting, flåing, flåing og så krossfesting, sagd i to, steina. Men frøa var sådd og den kristne trua spreidde seg over det meste av verda – og heilt til Rheinhessen. Tyske vinmarkar er med klosterbakgrunn  fylt av kristne referansar, og i Nierstein har Oljeberget si eigen druemark, sjølv om denne antakeleg handlar meir om vinen sin fylde enn om Jerusalem. Her har Lisa Bunn overtatt foreldregarden, og sidan 2015 laga sine eigne vinar.

Lisa Bunn Riesling Oelberg 2015

Nierstein, Rheinhessen. 100% riesling, ca 1200 flasker produsert. Handplukka druer frå 25 år gamle stokkar, spontanfermentering, lagra på ståltank.

Badeball, sylta sitron og våt stein frå nyopna flaske. Etter ein time på karaffel har ananas og tørka aprikos overtatt saman med bivoks og blomstereng. Litt petroleum heng igjen, utan å bli skjemmande.

Forsiktig anslag som tar rennefart inn i eit midtparti der det skjer veldig mykje. Fersken, aprikos, blomar, pasjonsfrukt, tropisk nektar. Syrleg sitron vimsar formålslaust rundt i smaksbildet, og blir med inn i ei evigvarande avslutning. Konsentrert, men kaotisk. Får ein time til i karaffelkarantene før neste glas. Samlar seg etter kvart rundt ein slags tropisk nektar med fersken og ananas. Lang, Granny Smith-frisk avslutning.

Konsentrert og intens vin som fungerte greitt til vietnamesisk rekerull, betre til olivenknasking, og best til andepølsehotdog.

Div artistar – Passion Sources

I 1989 ga Peter Gabriel ut albumet Passion, med musikken han skreiv for Martin Scorsese-filmen The Last Temptation of Christ. Samstundes ville han visa fram musikken som hadde inspirert han – og parallelt vart dette Passion – Sources, med musikk frå Middelhavet, Pakistan, Etiopia og Senegal, noko gjort i studio, mykje spelt inn i felt.

Her er (sjølvsagt) Nusrat Fateh Ali Khan, Shankar og Baaba Maal, men også intense egyptiske innspelingar både frå bryllaup og bar.

Fascinerande blanding av straumlinjeforma studioverdsmusikk og fermenterte feltopptak.

Kjelder:
https://weingut-bunn.de/
Bibelen
https://realworldrecords.com/

Blooper:




Leave a Reply