Pardas Collita Roja 2014

Medan situasjonen i Barcelona er ganske messi, så er det antakeleg meir givande å vitja andre stader i Catalonia…

Sumoll  – stadeigen katalansk drue (med avleggjarar på Kanariøyene og i Andalucia) som er nær utrydda, først av phylloxera, så av meir populistiske drueslag. Handplukka frå 70 år gamle stokkar, økologiske prinsipp.

Pardas Collita Roja 2014

Litt støvete frå nyopna flaske, blåplommer og nykverna pepar, litt hagerose, litt ramisco-aktig raudt epleskrell, ørlite nellik. Behagelege duftar.

Meir brutal på tunga. Angrip med eit halvt kirsebærtre og ditto stein. Tanninar merkbare i tredje slurken – lar seg temme med ein chorizosnabb medan vi ventar på at lammet skal bli ferdig, men definivt ein matvin, dette. Roar seg med tid i glaset og får ein slags røff eleganse med reine kirsebærsmakar og ei syrleg avslutning som varer lenge.

Verda treng meir sumoll. Frisk og energisk vin som var gøy å følgje. Treng litt luft for å finna balansen og fungerte etter kvart veldig bra saman med eit stykke lam. Smugl denne inn i ei rustikk Piemonte-blindsmaking og vinklubbvenane dine vil hata deg resten av livet.

Peter Gabriel – Secret World

I 1993 var Peter Gabriel på vegen med ein gigantisk konsertproduksjon – to scener, telefonkiosk, rulleband, og luker i golvet med heis som fekk musikarane til å «forsvinne» og dukke opp ein andre stader på scenene. Året etter kom ein live-cd som no er remastra og sloppe på vinyl for første gong.

Låtvalet er sentrert rundt då nettopp utgjevne Us og sjølvsagt dei største hitane frå So. Samstundes er det funne plass til Solsbury Hill  og San Jacinto frå det vi kan kalla den første trilogien hans, pluss  litt utanfor eigen katalog.

Meir enn 25 år seinare lét det ganske så fantastisk – ikkje minst takka vere teften Gabriel har til å plukka musikarar til bandet sitt,  for så å ha sjølvtiliten til å la dei behalda eige særpreg. Bandkjerna med Tony Levin og David Rhodes  – som har spelt med sjefen i snart 100 år –  har sjølvsagt full kontroll, men det er nykommarane som gjer det ekstra interessant: Manu Katché, Shankar og Jean-Claude Naimr drar inn ein slags jazzete verdsmusikk-estetikk, medan det er Paula Cole som er stjerna bak stjerna. Her kastar ho seg ut i vokalen etter Sinéad O’Connor og Kate Bush med ein entusiasme og eit særpreg som er fascinerande unikt. Etter nokre gjennomlyttingar slår det meg kor mykje ho bidrar til å løfte plata.

Framleis eit meisterverk – men gå gjerne for den restaurerte konsertfilmen. Sjeldan har eit liveshow vore meir visuelt overveldande.

Kjelder:
https://cellerpardas.com/
www.petergabriel.com

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *