Pardevalles Prieto Picudo Rosado 2018

Prieto Picudo er ikkje akkurat kvardagskost sjølv om ho er ei av dei viktigaste druene rundt León, nordvest i Spania. Det kan sjølvsagt ha noko med at Tierra de León ikkje akkurat er vindistriktet som får mest merksemd…

Området  ligg rundt 800 meter over havet og må takla høge dagtemperaturar og kalde netter. Den hardføre drua er unik i den forstand at ho samstundes har høge nivå av sukker, syre og tanniner.

Sidan 1949 har Alfonso-familien laga vin under Pardevalles-namnet og i dag er det tredje generasjon som dyrkar Prieto Picudo og Albarín Blanco på bruket.

Pardevalles Prieto Picudo Rosado 2018

100% Prieto Picudo, nattplukka druer, 12 timar skalkontakt før juice og restane skiljer lag – débourbage om du vil vera ekstra klysete –  i løpet av dei neste 48 timane. Fementering på ståltankar.

Rubinraud, sexy farge. Modne jordbær, blomstereng og bringebærdrops. Litt fersken baki. Søtlege duftar.  Ikkje spesielt sofistikert duftbilete, men likevel behageleg å sniffa på.

Friskt anslag med bringebærdrops og litt honning. Overraskande fyldig midtparti med raude bær og appelsin. Litt bitre urter. Anstendig lengde, men litt uryddig i avslutninga. Sanneleg byggjer det seg opp litt tanniner etter nokre glas også.

Sjarmerande og morosam rosé med eit særpreg  og eit lite tanninbitt som verkeleg ropar etter lett grillmat. Matcha fint eit stykke svin med sitronvinaigrette  Fungerer best rett frå kjøleskap, blir litt emmen når temperaturen stig. Fint kjøp til 175,-

Håkon Mjåset Johansen Quartet – Live at Kongsberg Jazzfestival

For meg har Mjåset Johansen alltid vore ein ekstremt lyttande trommeslagar som får dei han spelar med til å høyrast betre ut enn dei hadde klart åleine. Som ein tidleg student på jazzlina i Trondheim var han ein vesentleg del av  den nye norske jazzen ved årtusenskiftet, kjend frå Urban Connection, Motif og ikkje minst Come Shine. Saman med Trondheim Jazzorkester spelte han for første gong saman med Chick Corea i 2000.

13 år etter fekk han DNB-prisen på Kongsberg Jazzfestival, noko som forpliktar ein takk for prisen-konsert året etter.  Om det var latskap eller ei erkjenning om at han er musikar og ikkje komponist er uvisst, men Håkon bestemte seg raskt for å kvittera med ein jamsession og ikkje eit ferdigskrive verk. Kven han ville spela med vart fort klart: Ingebrigt Håker Flaten (The Thing) på bass og Jonas Kullhammar på saksofon var kjapt i boks. Men så var det pianist – Chick Corea ville vera eit perfekt val, men torer ein spørje om legenda vil vera med på jam? Då han til slutt våga å senda ein e-post var svaret «Sure. I’ll be happy to».

Ingen øving på førehand – kun epost-utveksling av idear og ei slags settliste basert på låtar alle hadde kunne eller hadde lært seg. Pluss halvparten av bandet sovna i garderoben av jet lag før konserten.

Men musikk vart det – på plata er konserten komprimert til fire låtar – to komponert av Corea, ein av Wayne Shorter, og ein voggesong frå oppveksten til Mjåset Johansen.

Sundance frå 1972 startar med jernfingrane til Håker Flaten på bass før Chick Corea heng seg på. Lett trommegroove og opne pianoakkordar gjev god plass til saksofonen før komponisten syner at han ikkje berre skreiv, men også hugsar låta… Mama’s Lullaby (Eirik Guldvog) tvingar Chick Corea inn i norsk folkemusikkland med parallelle kvintar og musikk som kan minna om Christian Eggen sine tilnærmingar til temaet. I alle fall før dei doblar tempoet…

Nefertiti syner – eigentleg ikkje uventa – kor vanvitig god saksofonist Jonas Kullhammar er. Kombinert med pianosolo der eg fryktar senebetennelse og ein heftig groove frå rytmeseksjonen blir dette liksom utladninga på plata. La Fiesta avsluttar med ‘umoglege’ pianolinjer og ein iberisk groove som Mjåset Johansen verkar å trivest ekstra god med. For trommestudentar er cymbalspelet verd heile plata. Leiken saksofonsolo frå Kullhammar, elegant bassing frå Håker Flaten.

Å møtast ubudd til musikalsk dyst kan enda katastrofalt – her vert det i staden laga magi. I ei verd der det vesle som er igjen av jazzjournalistikk går av skaftet når det kjem eit nytt liveopptak av Miles eller Coltrane, så er det ingen som gjer dette lenger: Ei liveplate med obskure standardlåtar utan å øva saman først, og likevel er alle musikarane så fryktlause og ikkje minst gode. Ei plate som fort kan få både kult- og legendestatus!

Plata er trykt opp i eit svært avgrensa opplag, men kan bestillast her ei stund til http://www.quesonegro.de

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og Viner
http://www.pardevalles.es
Liner notes  frå Terje Mosnes

2 tankar på “Pardevalles Prieto Picudo Rosado 2018

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *