Parr og odde…

Det er heilt sikkert berre ein eksponerings-bias, men innimellom verkar det som all amerikansk vin har vore innom fingrane til Rajat Parr, ikkje minst med Sandhi-labelen som verkeleg har fått fotfeste i Noreg. Heilt i det stille driv Sandhi-partnar Sashi Moorman miniproduksjon av musserande vin på sjampanjemetoden.   

Sandhi Blanc de Noirs Sparkling 2016

Santa Barbara, California, Sambandsstatane. 100 % Pinot Noir. Lite informasjon å finne, men om produksjonslinja er nokolunde identisk med Blanc de Blancs-en så snakkar vi nøytrale fat, 3 år på botnfallet, ingen dosage, og 5 år på flaska etter dégorgement.

Eruptiv opning – om ikkje heilt på Formel 1-nivå, så pinleg nok for verten. Raude eple, bringebær, bolle i ovnen, nysteikt brødskorpe. Nyrørte jordbær kjem og går frå sniff til sniff. Reine og behagelege duftar.

Spiss i anslaget. Syrleg sitron blir med inn i eit slankt, men hektisk midtparti med saftig Granny Smith, kvass eplekart, ingefær og syrleg appelsin. Evigvarande avslutning – smattar på appelsin i fleire minutt mellom slurkane.

Ikkje verdas mest kompliserte vin, men til gjengjeld ekstremt reint og presist, og ei heftig lengde. Lovar litt meir på snuten enn kva han leverer på tunga, men tipp topp om du likar høg syre. Veldig godt til fattigmanns lobster-roll med tigerreker. I prisområdet rundt 450,- er det mykje godt å velje i – denne har såpass energisk særpreg at prisen likevel kan forsvarast.   

Beth Gibbons – Lives Outgrown

Ikkje verst å solodebutera som 59-åring. Portishead-dronninga av lågmælt desperasjon  har ikkje akkurat rent ned platestudio, men no tydar ting på at ho berre måtte:

“I realized what life was like with no hope. And that was a sadness I’d never felt. Before, I had the ability to change my future, but when you’re up against your body, you can’t make it do something it doesn’t want to do. People started dying. When you’re young, you never know the endings, you don’t know how it’s going to pan out. You think: we’re going to get beyond this. It’s going to get better. Some endings are hard to digest.”   

Eksperimentell folk-pop? Det er vanskeleg å ikkje samanlikne med Portishead undervegs, og skilnadane i lydbiletet verkar bevisste – der Portishead lente seg på skarptromma, så er perkusjon og strengar her mykje mørkare og med mjuke køller og akustisk baritongitar – nesten som noko frå Daniel Lanois, medan andre stader er instrumenteringa så snål at ein mistenkjer produsenten for å lytta mykje til Swordfishtrombones undervegs.

Sterke melodiar i endelaus melankoli, folk – men med elektronika og symfoniske strykarar med på lasset – vemodig og veldig vakkert på ein gong. Ekstrabonus for ordentleg innerpose for LPen.

Kjelder:
https://sandhiwines.com/
https://bethgibbons.net/

Leave a Reply