Pfalz news

Det er straks rieslingslepp på spesialpola og norsk vinpresse sin kjæledegge i Pfalz, Georg Mosbacher, er som vanleg godt representert. Mosbacher er  ein produsent eg syns gjev mykje kvalitet per krone, både i budsjettvinane sine og dei meir avanserte. Det må uansett ryddast plass i kjellaren, og då høver det fint å tynna i 2011-årgangen…

Mosbacher Kieselberg GG 2011

I tillegg til vinmarkane i Forst har Mosbacher ein eksklave i Kieselberg. Ved Deidesheim 150 meter over havet får rieslingdruene mykje sol og vart rangert som tipp-topp av Ludwig I of Bavaria tilbake i 1828.

I overkant mykje badeball og aprikos frå nyopna flaske. Litt regnvåt skifer. Sitron og grøne druer(!) langt baki gjev grunn til optimisme. Spiss i anslaget, mykje sitron, men mangler fylde. Får ein times strafferunde på karaffel.

2011 blir liksom aldri eit særleg fragrant år i desse vinane. Lågmælt duft, men har heldigvis lufta av seg det meste av petroleum. Fersken, sylta sitron, og pære, mykje våt stein i bakgrunnen. Behageleg, men snyteskaftet må langt nedi glaset for å fanga duftane.

Desto fyldigare munnkjensle og eit kriblande intenst midtparti.  Har fått ei herleg blanding av moden ananas, fyldig sitron og saftig Granny Smith som følgjer kvarandre parallelt heilt ut i avslutninga. Ørlite honning langt, langt baki.

Det vinen manglar på snuten kjem i monn  i munn – ikkje komplekst, men hedonistisk reine smakar som fungerte veldig bra saman med røykelaks. Trur eg betalte 250 kroner for denne tilbake i 2013 – framstår som eit veldig vellukka kjøp for alle som likar eit lite syrekick.

Mothers of Invention – Weasels Ripped my Flesh

Ein har Zappa-plater for spesielt interesserte. Og så har ein Zappa-plater for veldig spesielt interesserte. Denne er nok nær siste kategori…

Ei hulter til bulter-samling henta frå konsertar og studio. Her blir kaotiske sceneimprovisasjonar uanstrengt blanda med streit munnspelblues.  Jazzete fiolinsoloar møter eit band der dei ulike musikarane spelar ulike taktartar.

Samstundes er det ein del seinare favorittar som vart født på denne plata. My Guitar Wants to Kill Your Mama kjem i eit r’n’b-arrangement med blåsarar(!) og ein sjeldan akustisk gitarsolo frå Zappa sjølv. The Orange County  Lumber Truck syner konturane av Zappa som gitarimprovisator på slutten av 60-talet, medan tittellåta er berre rør…

Varese og Eric Dolphy møter Little Richard i ei kaotisk men underleg fascinerande plate som i 1970 etablerte Frank Zappa som kongen av weird….

Kjelder:
https://www.georg-mosbacher.de
Div. Wikipedia
Platecover

2 tankar på “Pfalz news

Leave a Reply