Philipponnat Grand Blanc Brut 2006

Familiegard i 500 år, av ei rekkje Philipponnatar bør antakeleg Pierre – som i 1935 kjøpte indrefileten Clos des Goisses – framhevast. I dag er Charles Philipponnat karismatisk forvaltar av huset.

Philipponnat Grand Blanc Brut 2006

100% Chardonnay frå Côte des Blancs og Clos des Goisses. Basen på ståltank har gått gjennom malolaktisk gjæring, basen på eik har ikkje. Eller omvendt, eg gadd ikkje dobbelsjekke…

Delikat og duftrik. Brødbakst, stikkelsbær og gule eple, smelta smør, hasselnøtter dytter bakom.

Fjørlett anslag, kremete munnkjensle. Gule plommer, honning utan sødmen, lag på lag med sitrontonar, med tid i glaset kjem eit bitrare kalkpreg. Ikkje all verdas lengde, men fine havsalte østers-smakar i kombinasjon med sylta sitron.

Etter å ha drukke nokre intense sjampanjar den siste tida, så er det lett å devaluera denne litt meir forsiktige vinen, men han kledde eit roleg og reint uttrykk. Dempa, men kompleks og nyansert vin som fungerte herleg godt saman med lakseceviche og mango. Ja, mango…   

Mark King – Influences

Mellom ein heil del pussige ting frå 80-talet så er det fascinerande korleis instrumentalistar i verdsklasse som samstundes – kva skal vi sei – ikkje heilt innfridde som vokalistar likevel kunne bli popstjerner. I 1984 hadde Level 42 bra suksess i Storbritannia – eitt år seinare skulle Something about you erobra verda. Fram til no hadde bandet lagt av seg jazzrock-valpefeittet og var i ferd med å gå frå Britfunk til ein glattare produksjon på det som skulle bli World Machine. I mellomtida hadde bassist og frontfigur Mark King meir på hjartet, og solodebuterte med LPen Influences.

Hmm – bakcoveret fortel oss at innspelinga er gjort så spontant som mogleg – kjem ein til innercoveret fortel det oss at alle instrumenta vart spelt inn i sanntid, men om ein snur coveret så syner det seg at Mark King spelar bass, gitar og trommer sjølv, så noko ‘live i studio’-innspeling er ikkje mogleg.  Ikkje ulikt den interne Nattverden-chatten er kommunikasjonen so langt meir forvirrande enn opplysande…

Uansett er musikken viktigast. Side 1 har 1 låt. I praksis er det ei suite på nitten minutt, men når låt-tittelen er The Essential på ei plate som heiter Influences, så vaknar quiz-dyret i meg og eg leitar etter referansar. Det startar funky med Stanley Clarke-grooving før gitaren tar oss inn i Allan Holdsworth-fusion – etter kvart syner det seg at Mark King også er eit monster på trommer i ein slags full-gass-Billy-Cobham-tradisjon. Her er Chick Corea- jazzrock (med god hjelp frå Mike Lindup) som tar rennefart rett inn i flamenco med brutal Pastorius-esque fuzzbass. Om ein legg til litt Weather Report, mykje klaskebass og mykje blåserekke, så lét det eigentleg ganske kult 36 år seinare.

Side 2 er meir oversiktleg. seigfunky Clocks Go Forward kunne fint vore ein Level 42-singel, Cream-låta I Feel Free startar corny, men blir etter kvart ein flott hommage til Jack Bruce, medan There is a Dog – vel, tenk at nokon fortalde deg at det var oppdaga ei ukjend plate med Return To Forever der Stanley Clarke, Lenny White og Al Di Meola spelte saman. Omtrent sånn lét det.

Ei plate for deg som lengtar tilbake til tida då Level 42 var eit jazzrock-band.

Kjelder:
http://www.philipponnat.com/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *