Pialli Tai Rosso Calbin 2017

Ikkje overraskande var eg oppglødd over å ha funne ei ny drue – og desto meir skuffa då det synte seg at Tai Rosso truleg berre er Grenache med sexy adresse.

Drua oppsto antakeleg i Spania (som Garnacha), spreidde seg etter kvart til Sardinia der ho er kjend som Cannonau. Til Veneto kom det visstnok stiklingar i 1855. Det offisielle namnet vart Tocai Rosso, noko som ungararane ikkje fann seg i, og frå 2007 endra drua namn til Tai Rosso. Kjend drue på ukjend adresse. Ender dette som ein suksess eller som ein venetisk sjukdom?

Pialli Tai Rosso Calbin 2017

Svært lys raudfarge. Jordbær og sursøte kirsebær, litt svart pepar, litt oliven. Noko småfunky animalsk/hengt kjøt-aktig kjem og går. Artig snute som får eit Pinot Noir-aktig bringebærpreg med tid og luft.

Litt anonymt anslag. Juicy midtparti med kirsebær, ørlite jordbærsødme og småbitter kirsebærstein. Med tid mørk og bitter sjokolade… Fin og frisk avslutning med knuste bringebær og anstendig lengde.

Lett og leskande med ein rustikk ryggrad og eit ørlite naturvinspreg. Saknar litt meir konsentrasjon, men vinen tar det igjen i ein slags lågmælt sjarm. Fungerte fint til Ragù Bolognese.

Keith Richards – Talk is Cheap

Medan vi ønskjer Mick Jagger god betring så ser Keith Richards ut til å vera udødeleg – og no er det jammen 30 år sidan han solodebuterte. I midten av 80-talet såg Keith Richards med uro på at Mick Jagger prioriterte andre ting enn Rolling Stones. Medan dei avventa korleis det skulle gå med bandet tok Richards med seg musikarane han hadde samarbeidd med i ein dokumentar om Chuck Berry og lagde det som vart Talk is Cheap.

Der Mick Jagger sit prosjekt verkar kalkulert og lét som…vel, Mick Jagger med studiomusikarar, så har dette eit røffare lo-fi-preg som høyrest ut som eit band som har det gøy saman. Uvøren rock med litt Chuck Berry, mykje blues og saftige gitar-riff.

Av kuriøse gjester så finn vi halve Parliament/Funcadelic på førstesporet med Bootsy Collins, Maceo Parker og Bernie Worrell – dessverre lét det meir stivt enn funky. Take it so hard er ikonisk Richards-riffing, medan Stax-pastisjen  Make no Mistake er mitt eige høgdepunkt på plata – sjå opp for Memphis Horns på blås og Sarah Dash på vokal i ei låt som toppar seg sjølv med orgel-linjene frå Bernie Worrell.

Side to legg seg tettare opp til Rolling Stones, men har framleis plass til litt keltisk magi i Locked Away og ditto riffing på It Means a Lot. Framleis ei leiken og uhøgtideleg plate…

Kjelder:
Oz Clarke /Margaret Rand – Druer og Viner
www.italybyus.com
Diverse Wikipedia

2 tankar på “Pialli Tai Rosso Calbin 2017

Leave a Reply