Nestarec x Krasna Hora Pinot Blanc Connection Vinmonopolet
Moravia, Tsjekkia. 100 % Pinot Blanc frå 2022 og 2024, økologisk sertifisert og sånn. Samarbeid mellom Krásná Hora og Milan Nestarec – initiert av deira felles norske importør – der førstnemnde bidrar med biodynamisk dyrka druer frå 2024, medan Nestarec kjem med fatlagra 2022.
Håvard utforskar Pinot Blanc HER

Gule plommer og ditto eple, sumarleg blomstereng og yoghurt naturell. Litt honning, litt nøttemiks, litt tørka frukt. Behagelege duftar.

Full gass på tunga. Tropisk nektar og fyldig eplesekt får selskap av bitter grapefrukt, og glir over i ei lang avslutning med syrlege eple, sitrondrops og saltvatn på leppene.

Insisterande, men artig vin med mykje energi og mykje smak på ei særs moderat naturvinsside. Mykje energi, reine smakar og – om ikkje særleg subtilt – kompleks duft. Veldig godt selskap til første smak av årets fenalår, og mykje moro til 340,-
Hiromi – Sonicwonderland

Hiromi Uehara – klassisk utdanna pianist som fekk smak på jazz og improvisert musikk og gjekk sine eigne vegar derfrå, noko som mellom anna leia henne til duoprosjekt med Chick Corea. Sjølv har ho funne det perfekte skjeringspunktet mellom perfekt teknikk og leiken musikalitet som sendar deg som lyttar frå måping til store smil.
Frå fadermord på idolet gjekk vegen vidare som del av Stanley Clarke Band, før ho vart innhenta av 32 solokonsertar på 16 dagar under covid-pandemien – og fekk kjenna på den same einsemda som Martha Argerich snakka om som solopianist. Etter dette har ho i hovudsak spelt med eigne prosjekt.
Sonicwonderland – ei plate som vart spelt inn på 3 dagar – eit band som høyrest ut som eit ordentleg band og ikkje eit soloprosjekt – der Hiromi sjølv tar eit steg tilbake og lar trompetist Adam O’Farrill og bassist Hadrien Feraud ta dei fleste soloane, medan ho sjølv styrer det heile i kulissane.
På plata frå 2023 er ho all over the place, her får vi glatt Prince-funk, quirky Weather Report, Zappa og Bob James, saman med musikk som kunne vore eit brett eller to frå Super Mario, alt med same speleglede. Den perfekte fusionplata!
Kjelder:
https://www.hiromiuehara.com/
