Heimflyttar Diogo sitt jomfruprosjekt – dels i samarbeid med, dels i opposisjon til pappa – hjå Viuva Gomes i Colares. Eigentleg skulle han berre innom for å hjelpa til med rekneskapet, men fann fort ut – røter er rare sånn – at ideen om å laga vin appellerte sterkt nok til å flytta heim att frå Lisboa. Colares har vore dødsdømd som vinregion ei stund, men det verkar som eit generasjonsskifte har brakt med seg ein forsiktig optimisme.
Adega Viúva Gomes Pirata da Viúva Branco 2020
Lisboa, Portugal. 100% Malvasia de Colares (som er ein av ca. tre millionar Malvasia-sorter i Portugal- meir eller mindre i slekt med kvarandre). Handplukka druer, fermentering på stål, 10 månader modning på gamle kastanje- og mahognifat. Minimal svovling.
Gule eple, sursøt pickles, sitronskal, nysprengt tomt og olja båtdekk. Litt yoghurt naturell i bakgrunnen. Vinn reinare epleduftar med tid i glaset, men har likevel komplekse nyanser.
Syrleg eplekart-anslag – kvassare enn venta ut frå dufta. Rask crescendo av inn i eit midtparti med fyldig eplesekt, spiss sitron og honning (utan sødme). Lang avslutning med salte mandlar og sitron.
Kompleks og gøy vin med både tradisjonelle- og naturvinsmarkørar. Høg konsentrasjon og samstundes skummelt leskande meirsmak. Fungerte veldig godt til panert fisk med yoghurtsaus.
Adega Viúva Gomes Pirata da Viúva Tinto 2018
Lisboa, Portugal. 100 % Castelão. Handplukka druer, pressa i heile klasar, spontanfermentert og modna i ståltank. Minimal svovling.
Raude eple, sumarleg kløvereng og søtleg bringebær. Morell og fiol med tid i glaset. Rein og pen og behagelege duftar.
Forsiktig anslag, kjøleg munnkjensle. Slankt midtparti med syrleg kirsebær, jordbær og hermetisert fruktcocktail. Syrleg avslutning med enorm lengde. Tanninar lusker rundt og blir merkbare i tredje glaset.
Lågmælt eleganse både i snute og svelg. Forsiktige, men reine duftar og smakar i ein vellaga vin. Forfriskande med berre 10,5 prosent alkohol, veldig godt til pretensiøst anretta sopprisotto.
Sleepytime Gorilla Museum – Of the Last Human Being
I mars 2023 – 12 år etter at museet stengde – vart det brått liv på Facebooksida deira med meldinga Rise you must og eit noteark med tittelen Bring Back the Apocalypse. Kort tid etter vart det starta ei folkefinansiering for ein kortfilm og ny plate. Målet om 75 000 dollar var nådd i løpet av to dagar, ekstramålet om å nå 100 000 for å finansiera turne i tillegg vart også innfridd.
I verdas skumlaste band med verdas snillaste folk, er mykje som før: growlinga til Nils er like intens, fiolinspelet til Carla like virtuost, men bandet verkar meir strukturert, og har gått frå industriell, dadaistisk avantgarde til ein meir progressiv folk-metal. Framleis eksentrisk, men meir tilgjengeleg.
Mykje lét som om King Crimson fekk spelejobb på tivoli etter apokalypsen, men her er også plass til fransk djangoswing, barbershop-a capella og til og med vindskeiv Prince-funk. Hemmeleg spor på LP er også uvanleg ambisiøst. Tidleg og sterk kandidat til årets plate 2024!
Kjelder:
https://viuvagomes.com/
https://sleepytimegorillamuseum1.bandcamp.com/
Diverse Wikipedia
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner