Porto Santo dukka opp i Atlanterhavet for 14 millionar år sidan, men likevel tok det 13998582 år før øya vart oppdaga og ga livreddande ly for Madeira-oppdagar, og etter kvart 1.º capitão do donatário do Funchal, João Gonçalves Zarco. I takksemd fekk øya namnet sitt.
Innimellom bananplantasjar og gigantiske sterkvinselskap på Madeira prøver António Maçanita å laga autentisk vin på 4 vingardar – at det eine merket heiter SEXY får meg til å frykta litt vel mykje guttastemning, men tvilen kjem til gode enn så lenge. Frå tidlegare testing veit eg at han kan laga raudvin. Kva med kvit frå marginal drue?
På Porto Santo veks det enno nokre fotballbaner med Caracol – ei stadeigen drue der plantane slynger seg langs bakken for å verje seg mot vinden, og blir til knappe 5000 flaskar vin i året. Det er ikkje lov å laga vin på øya, så druene må fraktast til sjølve Madeira.
Caracol dos Profetas 2023
Porto Santo, Madeira, Portugal. 100 % Caracol, handplukka same dag og frakta med båt til fastøya før heilklasepressing. Spontanfermentering og modning på botnfallet i ståltankar i 10 månadar.
Ekspressiv snute. Flintstein, både sylta og nyskvist sitron saman med litt sumarleg blomstereng og yoghurt naturell. Enkle, men reine og tydelege duftar.
Rett på sak med lagvise sitronar – bakt, sylta og frisk, honningmelon og litt voks. Lett oljete munnkjensle. Lang avslutning med gule plommer, sitrondrops, salt og syrleg sitron.
Vil du heller lesa om sterkvin frå Madeira? Då har Håvard noko HER
Leskande vin, men nok konsentrasjon til å fungere til jålete plukkfisk – dette har nok trøkk til å gå til både tyngre sjømat, men også kylling. Samstundes er vinen skummelt god åleine. Mykje moro til trehundreogåtti…
Dweezil Zappa – Havin’ a Bad Day
Eg har akkurat byrja på sjølvbiografien frå Moon Zappa – i boka er ho enno berre 5 år, men har allereie fått stort ansvar for å passa på veslebror Dweezil, og har knappast møtt pappa Frank, som enten er på turne eller stenger seg inne i kjellarstudioet sitt. På plate møter vi dei igjen på debuten til Dweezil Zappa, ein slags powertrio, der Chad Wackerman og Scott Thunes er halvhjarta barnevakter for ein sekstenåring som vil litt mykje på ein gong…
Så lenge han ikkje insisterer på å vera morosam går det stort sett greitt – inspirasjonen frå Van Halen er overtydeleg, han er allereie ein overbevisande god gitarist – i alle fall teknisk – og han får god hjelp frå søster Moon undervegs, som innimellom syng som Geddy Lee frå Rush.
Artig gjenhør frå åttitalet, og eit lite frampeik om kva som skulle koma seinare…
Kjelder:
https://www.antoniomacanita.com/
https://www.dweezilzappa.com/