Putin’ on the Ritz

Russisk vin er ikkje kvardagskost i Noreg, russisk musserande på sjampanjemetoden er enno sjeldnare, men her er vi. I Taman (vi er heilt nord ved Svartehavet) har Kuban-Vino solrike dagar og eit område med  200 års druedyrkingshistorikk. Frå oppstarten i 1956 har ting verkeleg balla på seg, i dag produserer dei 56 milionar flasker vin årleg.

Kuban Cuvée Alexander Aristov Blanc de Noir 2017

100% Pinot Noir. Handplukka druer, sjampanjemetode, minimum 9 månader på botnfallet. Russiske tech-sheets er uansett ikkje som andre (utdrag via Google Omsetjar):

FORBRUKERE
mest menn 30-50 år gamle
middel og øvre middelklasse

MOTIVER FOR YTELSE KJØP
kvalitetsprodukt til en fornuftig pris
romantisk middag

Gjærbakst og blomstereng frå nyopna flaske, grønt eple, kritt og sitron ligg bakom og dytter. Hadde skjenkinga vore blindt og nokon nemnt at dette var sjampanje så hadde eg nikka entusiastisk. Veldig delikat duft.

Friskt anslag, reint midtparti med sitrus – glir mellom sitron og lime, og får etter kvart selskap av eit bitterbitt frå grapefrukt. Mister litt energi inn i ei litt for spinkel og kort avslutning med sitron og grapefrukt.

Rein og pen og luktar som the real-deal, men  som dessverre ikkje haldt heilt til mållinja.    

-Men, tenkjer du nok no, kva med roséen deira laga på same eindruebase med 100 prosent Pinot Noir?

Kuban Cuvée Alexander Aristov Rosé de Pinot 2017

Nyrørt jordbærsyltetøy, bringebær, fiol og litt våt stein. Behageleg duft.

Fruktsødme i anslaget, midtparti med jordbær, bringebær og rabarbra. Bra konsentrasjon. Bringebærfrisk avslutning med litt sødme og anstendig lengde.

Mykje meir vellukka vin – kult alternativ til under 200,- som attpåtil er laga på sjampanjemetoden. Drikk til aperitiff, røykt aure eller spekemat.

The Magnetic Fields – Quickies

«I’ve been reading a lot of very short fiction, and I enjoyed writing 101 Two-Letter Words, the poetry book about the shortest words you can use in Scrabble. And I’ve been listening to a lot of French baroque harpsichord music. Harpsichord doesn’t lend itself to languor. So I’ve been thinking about one instrument at a time, playing for about a minute or so and then stopping, and I’ve been thinking of narratives that are only a few lines long.»

Det er nok korkje første eller siste gong eg lar meg blenda av ytre skjønnheit – men her burde eg kanskje lukta lunta. At The Magnetic Fields kjem med splitter ny musikk er sjølvsagt verd flaggheising i seg sjølv, men når konseptet heiter ‘Quickies’ og – når ein ser vekk frå den svært tilsikta innuendoen – serverer ei låtsamling der kortaste song er 17 sekund og ingen er lenger en tre minutt så var det lite taktisk å velje vinylboksen med musikken fordelt over 5 singelplater. Formatet ser utruleg lekkert ut, men det blir i overkant mange turar til og frå platespelaren…

For innhaldet er det ingenting å sei på. Som venta er det eksentrisk popmusikk med fengande melodiføring og overraskande instrumentering. Tekstane er denne gongen mininoveller, men sjølv om melankolien er meir enn litt til stades, så har Stephen Merritt likevel ikkje plass å byggja opp dei mest tragiske figurane i dette formatet.

«Well, we failed at all the normal ways of doing things» –opningslinja frå Castle Down a Dirt Road- summerer nok det meste av tematikken. Her er morbide drap, forvirra kjærleik, kvikk toalettsex (roll credits), og hyllest av favorittbaren med tysk bartender som berre kan drinknamna på tysk «where you can drink yourself under the table and they know you’re there so they won’t lock you in…».

Her er blasfemisk Country’n’Western, gode og dårlege vitsar, mykje ukulele og rundt 48 minutt med herleg underhaldning. Gå for cd eller digital versjon. Vinylvarianten er for utmattande…

Kjelder:
https://en.kuban-vino.ru/
https://www.nonesuch.com/

Leave a Reply