Rebel rebel, how could they know?

Eg går ikkje ut lenger, ei uro er kommen over meg, og eg går ikkje ut.

Inne er det trass alt vin, men tidlegare erfaringar med flaggskipet til Coutelas er at fyrrige bobler i kombinasjon med gamaldags oppbinding fort kan involvera eit for tida tungt belasta helsevesen. Førre flaske sendte korken i retning middagsgjesten, medan eg –  sjølv om alt gjekk bra – sto audmjuka att som ein vulgær Formel 1-førar.

A.D. Coutelas Cuvée Rebel Blanc de Blancs Extra Brut

100% Chardonnay, kun laga 958 flasker, sertifisert som non vintage men visstnok berre druer frå 2009-årgangen, 9 månader på eik, 6 år på flaske før fjerning av botnfallet.   


Kraftfull duft frå nyopna flaske. Gjærbakst, grapefrukt, nøttemiks, tørka frukt, flintstein, brent treverk. Sylta sitron presser bakom. Lett oksidativ stil.

Heftig anslag med Granny Smith og treverk. Midtpartiet byggjer ein crescendo med lagvise sitrontonar som langsamt fader ut i ei nesten evigvarande avslutning, som ein sopran som aldri går tom for luft. Matvin – nesten tannintørrande munnkjensle undervegs. På vandring, litt grapefruktbittert touch, litt salt hav, litt tropisk nektar.

Intens men nyansert vin med eit ørlite oksidativt preg. Laksesashimi vart sjølvsagt for veikt, men i kombinasjon med spicy soyasaus blei retten godvener med vinen. Syns dei 700-og-noko eg gav for vinen i 2016 er verd pengane, meir skeptisk til dei 900 kronene dei få flaskene som er igjen kostar i dag.

Gail Ann Dorsey – The Corporate Wold

The Corporate World hadde vore eit strålande døme på musikk frå Alternative Rock-bølgja som eksploderte i 1992 med sosiale bekymringar pakka inn i knallsterk låtskriving. Dessverre kom skiva i 1988 og få brydde seg.

Gail Ann Dorsey er superbassisten, gitaristen og songaren som gjorde David Bowie til den nest beste vokalisten i eige band frå 1995 til 2004, som på scena fekk rolla som Freddie Mercury i Under Pressure-duetten samstundes som ho måtte spela den ikoniske basslina, som overtok som bassist hjå Lenny Kravitz på ei vekes varsel, og som innimellom har funne tid å leike med Tears for Fears, The National og Seal.

Musikalsk ekstremt variert – at albumet er produsert av Nathan East gjorde meg litt nervøs, men kvar gong det er i ferd med å bli for Los Angeles-polert så verkar det som Dorsey med vilje rusker det til. Sjølv den glatte opningslåta (med Eric Clapton på gitarar) blir balansert av ei brutal basslinje, ein del av materialet verkar inspirert av Living Colour, tekstane vekslar mellom satirisk samfunnskritikk og mislukka kjærleik.      

Sjølv om produksjonen lét i overkant utdatert så tar musikken det igjen i geniale melodiar og røysta til Dorsey. Og det beste av alt er vel ei bassistplate utan ein einaste bassolo.  

Personlege høgdepunkt på ei svært variert plate må være balladen So Hard to Let You Go der honningrøyst og melodisk teft løftar kvarandre, tittellåta har ein kjøleg Grace Jones-eleganse, medan Wishing I Was Someone Else har eit herleg spontant jam- driv over seg. Ei meisterleg plate som antakeleg vart laga fire år for tidleg.

Kjelder:
https://www.champagne-adcoutelas.com/
Diverse Wikipedia

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *