Santa Julia Brut

Ucodalen er i ferd med å få eit godt rykte som indrefileten i Mendoza. Ved foten av Andesfjella ligg markane over  1000 m.o.h, noko som gjev langsamare mogning og legg til rette – i alle fall i teorien – for meir sofistikerte druer med betre balanse mellom syre og sukker. Argentinsk biffvin med Malbec har fått ei finare adresse i Uco – men vi veit liksom at det er bra. Då er det meir spanande korleis budsjettbobler i ein slags bogus Champagneblend frå dalen vil hevda seg.

For Alberto Zuccardi var vindruer nærast eit biprodukt av irrigasjonsprosjekta hans. Etter kvart balla ting på seg, og Santa Julia – oppkalt etter dottera vart stifta. I dag er det blitt ein svær vingard der Julia sjølv styrer skuta med skarpt fokus på sosial bærekraft, samt økologisk sertifisering av drifta.

Santa Julia Brut

55% Pinot Noir, 35% Chardonnay og 10% Viognier. Charmantmetoden der boblene vert danna på ståltankar.

Overveldande gjærduft frå nyopna flaske. Lufter fort av seg og får ein enkel, men behageleg duft med sylta sitron, pære, nyslått gras og gjærbakst.

Kremete, frisk munnnkjensle, midtparti med fyldig sitron og sitrondrops, litt urter langt baki. Bra lengde med frisk eplesmak. Med tid i glaset kjem ei herleg sitronsyre snikande, rundar av med Brynhild sitrondrops. Betre smak enn snute.

Eg hadde lave forventningar, men denne overraska positivt når gjæren fekk lufta av seg.  Enkle, men ultrapresise smakar av sitron og Granny Smith, fin balanse mellom syre og eit lite touch av sødme til 133 kroner. Om du skal ha eit velkomstglas til gjestane – og er på eit stramt budsjett – er dette ikkje noko å skamme seg over å servere.

Peter Gabriel – Scratch my Back / and I’ll Scratch Yours

Etter Peter Gabriel sin andre trilogi med So, Us og til slutt Up i 2002, verka det som han var nøgd med å vere ein slags ærverdig emeritus mellom superstjerner. Litt filmmusikk, litt konsertar, men ikkje teikn på nye låtar. Når han først rørte på seg i 2010 så var det med eit coveralbum med personlege favorittar – men i ein Peter Gabriel-twist skulle dei covra artistane returnera sin versjon av ei PG-låt.

Ting gjekk ikkje heilt som planlagt – David Bowie ville ikkje vera med å leike, medan Radiohead vart visstnok så sure av Gabriel sin versjon av Street Spirit at dei trakk seg. I staden kom Josph Arthur og Brian Eno inn på returplata som ikkje var klar før tre år etter. I 2013 klarte Real World å synkronisera  utgjevinga som ei dobbel LP/cd – resultatet er ujamnt i begge ender…

Hjå PG er utgangspunktet ganske likt: senk tempo, bruk piano og/eller orkester og lag ein intens crescendo ein stad i songen. Det fungerer, men ikkje over to platesider.

David Bowie sin Heroes blir intens og inderleg i langsamt tempo, men eg tar meg i å tenkje at Susanna ville gjort det betre. The Boy in the Bubble (Paul Simon), derimot, er ein truverdig tragedie. Elbow, Bon Iver og Talking Heads passerar utan det heilt store, medan Lou Reed sitt frieri til Laurie Anderson både gleder og irriterer – arrangementet får fram den vedunderlege teksten, men blir levert utan truverde.

Då fungerer My Body is a Cage betre, ditto The Book of Love (frå 69 Love Songs som feirer 20 år i desse dagar). I Think it’s Going to Rain Today er låta som skal få deg til å grine, medan Apres Moi (Regina Spector) og Philadelphia (Neil Young) ikkje overtyder heilt.

Korleis lét så returen? David Byrne har ein morosam discoversjon av I Don’t Remember, medan Bon Iver, Arcade Fire, Feist og Elbow verkar litt redde for å tukla med originalane. Regina Spector har ei herleg naiv tilnærming til Blood of Eden, medan Stephin Merritt drar inn litt sakna humor med Not One of Us og Randy Newman omfamnar satiren i Big Time. Brian Eno lét herleg skummel på Mother of Violence. Til slutt får Lou Reed lov å vera Lou Reed i Solsbury Hill og Paul Simon gjer ein flott versjon av Biko. Alt i alt ein strålande ide, som dessverre ikkje vart eit like vellukka sluttprodukt.  

Kjelder:
https://www.santajulia.com.ar
Diverse Wikipedia
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
https://petergabriel.com

Ein tanke på “Santa Julia Brut

Leave a Reply