Ah, britiske bobler. Der til dømes Hambledon vart starta av ein brite med koko tittel og bindestrek i etternamnet, er det noko meir edrueleg med ekteparet Simpson, som – etter ein tjuvstart i Languedoc – etablerte seg i Kent i 2012. Her har dei på rekordtid fått til ikkje berre musserande, men også stille vinar, både kvitt og raudt.
Simpsons Chalklands Classic Cuvée 2018
Kent, Storbritannia. 60 % pinot noir, 40 % chardonnay (i følgje importør). 40 % pinot noir, 30 % chardonnay, 30 % pinot meunier (i følgje produsent). Sjampanjemetode. Handplukka druer, individuelt fermentert i fat før blending og flasking. 20 månader på flaske før fjerning av botnfallet.
Tydeleg appelsinduft frå nyopna flaske. Gult eple og gjærbakst stanger bakom, saman med litt hamburgerbrød. Behagelege duftar.
Friskt anslag, slank munnkjensle. Kvass lime og appelsinsmak i midtpartiet. Byggjer raskt fylde med lagvis sitrus og vert rundare – etter ein times tid har vinen ei kremete munnkjensle og aldeles nydeleg fyldig sitron med eit småsnerpande kalkpreg. Balansert avslutning med evigvarande saftige eple.
Til under 400 er dette ein lovande sjampanjekiller – hadde vore gøy å lure denne inn i ei blindsmaking saman med franske forbilder i same prisklasse. Fungerte strålande til fritert fisk og ditto poteter – ein rett som er så god at han burde fått eit eige namn…
Stain Monsters – Stain Monsters
Når eg blir spurd om å laga ei sånn liste over favorittkonsertar, så er det alltid eit minne frå tidleg nittital som snik seg inn. På Maxime hadde HP Gundersen og Stein Monstad ein konsert som var ei heil småpsykedelisk Bergensbølgje åleine, men som dessverre enda med berre denne eine plata.
Musikken kom nok litt for tidleg til å nyta godt av sekstitalsnostalgien, i etterkant lét låtane veldig fengande med nydelege detaljar frå instrumentalistane. Vokallinjene vert levert med nærast eit pompøst alvor som minner meg om Stephin Merritt i stilen, blanda inn med både kabaret og ein lett trugande punk-estetikk – førestill deg Bob Mould frå Hüsker Dü synga synga sekstitalspop.
Ryktet forteller at det – etter 30 år – er ny plate frå Stain Monsters på gong i 2022. Det gledes.
Kjelder:
https://simpsonswine.com/
Ein tanke på “Simpsons Chalklands Classic Cuvée 2018”