Heilt sør ved Adriaterhavet, nær grensa til Albania, driv Milović-familien med vin, der dei produserer rundt 20000 flasker årleg, samt olivendyrking og har 2000 mandarintre(!). I eit land som kan skryta på seg vindyrking gjennom 8000 år, har det vore stille på eksportfronten – no er det omsider 1 vin tilgjengeleg på Vinmonopolet.
Milovic Status Barrique 2010
Ulcinj, Montenegro. 100 % Vranac – ei av dei viktigaste druene i Montenegro, også «kjend» som Vranec i Nord-Makedonia. Handplukka duer, fermentering i ståltankar i 2-3 veker før eit års tid i amerikansk og fransk eik.

Syrlege kirsebær, hengt vilt, lakris, fiol, krydderskuffe og bjørnebær. Ekspressive og behagelege duftar.
Lett munnkjensle, raskt inn i eit fyldigare midtparti med blåplommer, kakao og mørk sjokolade, før bringebær renser opp i ei lang og syrleg avslutning.

Energisk vin som var både elegant og tydeleg, og kjennes mykje yngre ut enn sine 16 år. Strålande selskap med eit stykke hjort, og ein fin viltoutsider til hausten. Ikkje billeg, men veldig godt til 461,-
Live Maria Roggen/Ingfrid Breie Nyhus/(Morten Qvenild) – Skymt/Symfoni

To tredjedelar ned i flaska lurer eg på om musikk eksisterer når nokon har tenkt det, eller må det framførast først? Anten eg går frå ein impro-duo på ein liten jazzklubb, eller Turangalîla-symfonien med dritsvært orkester, så har det vore ein vilje før det nådde mine øyrer. Eg veit ikkje heilt kor eg vil med dette, men det er uansett tankar som melder seg medan eg lyttar til Skymt/Symfoni – eit prosjekt som vert større og meir komplekst medan eg prøver å få oversikt. Det starta som ein improvisasjonsduo i 2016, fekk akademisk kjøt på beina som (un)Romantic – Improvising interpretation i 2021, og vart plater i 2023 og 2024 – samt ei lita bok med dikt, essays og refleksjonar, pluss ei nettside som inkluderer ei interaktiv lag-din-eigen-Sibelius-improvisasjon(!). Og sanneleg ligg det ein EP ein stad i tidslinja også…
Utgangspunktet til vokalist Live Maria Roggen (Come Shine, Wibutee, Tu’ba) og folkemusikar gone rogue Ingfrid Breie Nyhus på piano, handlar om å fortolka seinromantisk musikk i vår eigen samtids stil og eksperimentarande fortolking. På første plata er det Jean Sibelius som får gjennomgå i små fragment – mange av låtane er på under eitt minutt – innimellom lågmælt plingplong, gjenkjennelege ting (ser på deg og basslinja di, Du), fraseringar som minner om Sidsel Endresen og mørke klangar, så vakkert på ein dempa, mystisk måte. Ikkje for alle, men ideell musikk for verkeleg å omfamna den nordiske melankolien.
På andreplata har dei fått med seg lydprofessor og deltids Magical Orchestra Morten Qvenild på elektronikk i ei serie med songar som – i alle fall samanlikna med første plate – er meir konvensjonelle og tilgjengelege. Her kjem tolkingar av romantiske verk frå Strauss, Mahler (Alma og Gustav), Rachmaninoff og Wagner – i tekstar som vekslar frå det djupt melankolske til fjollete leikent. Elektronikk-innspela frå Qvenild klarer uanstrengt å modernisera musikken, Nyhus bind det heile saman (og for ein fantastisk pianolyd dei har klart å gjenskapa på plata!), medan Roggen gjev meining til det heile – samstundes som vi får høyre det ekstreme registeret hennar. Høgdepunkt: melankolien i «Ikke syng« og kontrastane i «Himmelen er full av feler«.
Kjelder:
https://wineofmontenegro.com/
https://www.livemaria.no/
Diverse Wikipedia
