Slav to the Rhythm

Bulgaria er eit av desse landa som tevlar om å ha verdas eldste vinproduksjon, og har gjennom heile historia vore eit storpolitisk vegkryss. På sitt mektigaste gjennom 600-talet kvalifiserer dei til å bli hugsa som det storbulgarske riket, i moderne tid har prosessen frå brutal sovjetsatelitt til demokrati vore strevsam. Vinindustrien – som først kollapsa under angrep frå phylloxera, vart kollektivisert under kommunismen, kollapsa igjen økonomisk på nittitalet etter å ha vore ein av verdas største eksportørar. Det meste var blitt enkel bordvin for den russiske (og norske) marknaden før Gorbatsjov sin anti-alkoholkampanje råka knallhardt. I dag er produksjonen langsamt på veg opp igjen i ei blanding av lokale og internasjonale drueslag.

Nær greskegrensa heilt sørvest i Bulgaria ligg landets minste by, med 350 innbyggjarar og dokumentert vinproduksjon frå 1345. Her har lokale krefter slått seg saman med entusiastar hjå Le Piane i Piemonte og Terroiristen i København, og sett seg føre å få det beste ut av opphavlege drueslag og tradisjonelle produksjonsmetodar.       

Melnikon Keratsuda 2018

Oransjevin frå ein garasje i Kresnadalen, Bulgaria. Handplukka og hestefrakta druer. Spontanfermentert, ufiltrert og uklarna. 6 månadar på skalet, 1/3 modna i amfora, 2/3 i nøytrale fat. Minimalt svovla. Totalt 1200 flasker – så liten produksjon at dei har fått hjelp av meir etablerte Sveti Vrac Winery til flasking og distribusjon.  

100% keratsuda, og vi må i drueleksikonet: gamal og lokal frå bredden av Struma i grensa mellom Bulgaria og Hellas. Til liks med meg sjølv er drua seintmognande og sårbar for frost, men tåler tørke ganske bra. Det er berre rundt 8 hektar igjen av Keratsuda i heile Bulgaria.  

Tydelege duftar og veldig floral frå nyopna flaske. Ryllik, kløvereng, nyslått gras. Sursøt pickles og noko litt søtleg honning-aktig. Meir forsiktig på tunga: ingefær, ananas – bra lengde, men kjennes litt innestengd. Får eit par timars karaffelkarantene før “ordentleg” smaking.   

Framleis aromatisk etter to timar med lufting. Blomstereng, sursøt saus, muskat, moden ananas, gule plommer…

Fyldig munnkjensle og pilsbittert anslag. Epleslangeple og tropisk nektar med eit lite urtebittert stikk. Sitrondrops luskar rundt i bakgrunnen, medan eit halvt års skalkontakt er tørrande merkbart allereie i andre glaset. Mjuk og fyldig eplesider-aktig avslutning.    

Floral og leskande vin som så vidt held seg på den moderate naturvinsida. Fungerte fint til fish’n’chips, som også haldt tanninane i sjakk undervegs. Gøy vin til knappe 300-lappen.

Grace Jones – Nightclubbing

Tittelironisk nok så var det nettopp 1981-albumet Nightclubbing som for fullt introduserte Grace Jones til eit større publikum utanfor diskoteka. Kombinasjonen med Island-grunnleggjaren Chris Blackwell – som gjorde Bob Marley til verdsstjerne – som produsent, og verdas beste rytmeseksjon – Sly & Robbie – på trommer og bass, skapar eit varmt, organisk og ekstremt groovy bakteppe for den iskalde vokalen til Grace Jones. Kontrasten gjer at både instrumenta og røysten står fram tydelegare.

Reggae-fusionstilen ho starta med på førre album blir denne gongen miksa med materiale frå mellom anna Iggy Pop, The Police, Bill Withers og Astor Piazzolla, samstundes som det heng akkurat nok disko igjen til at ho ikkje tar heilt farvel med fortida. Musikk som stadig lét friskt 40 år seinare…

Kjelder:
Diverse Wikipedia
Jancis Robinson – Wine Grapes
https://www.facebook.com/melnikonwine/

Leave a Reply