Slava Ukrajini

Siste slepp på Vinmonopolet synte eit knippe vinar frå Ukraina – noko som trigga både solidaritetslyst og nyfikne hjå meg. Moderne vinlaging i Shabo, sør i Ukraina, skal ha starta med ein sveitsisk (av alle ting) koloni i 1822, men det er også spor av ein over 2000 år gamal vintradisjon i regionen. Dei siste 20 åra har Iukuridze-familien hatt som mål å retta opp att ryktet for ukrainsk vin, som vart rasert av Sovjetsamveldet. Lukkast dei?

Shabo Original Collection Chardonnay 2022

Odesa, Ukraina. 100 % Chardonnay, 15 % på fat, resten i ståltank. Handplukka druer.

Pussig lyserosa farge. Granny Smith og sumarleg blomstereng. Limeskal og kjørvel bakom. Enkle, men reine og behagelege duftar.

Kjølig og slank munnkjensle. Grøne eple, sitron og pære. Litt tropisk nektar, litt salt. Anstendig lengde i ei avslutning med fruktsøt pære og sitrus-syre i fin balanse.

Enkel, men velsmakande vin som fungerte bra til rekecocktail. Heilt grei til ein tohundrelapp.   

Shabo Original Collection Cabernet 2022

Odesa, Ukraina. 100 % Cabernet Sauvignon, handplukka druer.

Kraftig duft frå nyopna flaske. Solbær, krydderskuff og urtekvast. Bjørnebær og mynte etter litt tid i glaset. Behagelege duftar.

Lett og sval munnkjensle. Mykje smak i midtpartiet: kirsebær, solmodne jordbær, syrleg kirsebærsnert. Lang avslutning med syrleg kirsebær og mjølkesjokolade.

Enkel, men velsmakande vin som fungerte godt saman med eit stykke gamalsaulam. Vel verd tohundrelappen.

Vinane vart kjøpt med ein stor dose solidaritet i bakhovudet, men dei står fint på eigne bein som tydelege og gode vinar, men utan noko særleg særpreg. Verda har rikeleg med både Chardonnay- og Cabernet Sauvignon-produsentar, eg vonar ein importør tar sjansen på å henta inn vin med  nasjonaldrua Telti-Kuruk for verkeleg å syna det nasjonale særpreget.

Pink Floyd – Hey Hey Rise Up

Første originalmusikk frå Pink Floyd sidan 2014, der inntekta går til Ukraine Humanitarian Relief Fund – men dei klarte ikkje ein gong å sleppa ein velgjerds-singel med to låtar utan kontrovers.

Side A er grei skuring: Hey, Hey, Rise Up er basert på ein ukrainsk song frå 1914 med Andriy Khlyvnyuk på 2022-vokal – ei innspeling som inspirerte David Gilmour og Nick Mason til gjenoppliva Pink Floyd for å hjelpa Ukraina. Mektig vokal, stødig gitarsolo.

Side B er det meir styr med. A Great Day for Freedom frå “The Division Bell” er ein Frankenstein-miks med spor frå Pulse-tida, blanda med nye innspelingar. Ur-Pink Floyd Richard Wright er kreditert på tangentar, noko som fekk longtime keyboardist Jon Carin – som meinte det var han sjølv som spelte –  til å reagera og meina det var: “incredibly disrespectful to use his name to promote something when he wasn’t even invited to play on it”. Akk…

Uansett:

Kjelder:
Diverse Wikipedia
https://www.pinkfloyd.com/home.php
https://shabo.ua/en/

Ein tanke på “Slava Ukrajini

Leave a Reply