Stompin’ at the Savoie II

Eg er vedvarande oppglødd over å ha oppdaga eit «nytt» område i Frankrike. Raud Mondeuse frå Savoie var veldig godt, men regionen produserer også både bobler og kvitvin.

Quénardane har haldt det gåande på garden sidan 1644, og i dag er Chauvet-inspirerte Jean François  i ferd med å få heile bruket sertifisert økologisk.

Jean-François Quénard Crémant de Savoie Cuvée Entre Amis 2015

Pinot Noir 20%, Chardonnay 20%, Jacquère 60%. Sjampanjemetode, 17 månader på botnfallet. Ingen dosage. Degorgert 15.september 2018. Klokka 14.35…

Gjær og smågodthylle frå nyopna flaske, tropisk nektar ligg bakom og dytter, og får meir plass med tid i glaset. Litt nøttepreg, litt nyslått gras, litt modne gule eple. Med enno meir tid kjem eit herleg preg av nybakt brød og våt skifer. Med luft blir snuten nesten sjampanjeaktig.

Friskt anslag, fine frukttonar i midtpartiet, gule og grøne eple i fleire lag. Avsluttar med mykje sitron som blir spissare og friskare med tid.

Etter kvart ein veldig rein og tiltalande Cremant, men utan det heilt store særpreget. Uansett eit supert kjøp til 210,-  Fungerte bra til brandade.

-Men, seier du. –Kva med kvitvin frå Chignin med kun Jaquère som drue, hausta frå 70 år gamle stokkar frå kalkrik jord i alpin topografi?

Domaine André & Michel Quenard Chignin Vieilles Vignes 2017

Veldig forsiktig snute, kvite blomar, antydning til sitron. Ein time strafferunde på karaffel gjer godt. Framleis dempa duft, men har fine sitrustonar med klementin og sylta sitron. Rista mandlar og kjensle av sjø.

Fyldig anslag med nøttepreg, midtparti med fersken-på-boks og gule eple, fyldig avslutning med syrlege eple. Knallkjøp til 175,-

Donny McCaslin – Blow

Då eg ‘oppdaga’ Donny McCaslin utpå 2000-talet var eg sånn midt-på-treet entusiastisk, men samstundes lett fascinert over ein saksofonist med teknikken til Michael Brecker, fraseringa til Charles Lloyd og Sonny Rollins, men med ei slags europeisk røff tilnærming til tonen i instrumentet sitt.

There’s a new kind
There’s a new kind comin’
There’s a new kindness

Hadde vi berre visst at han skulle bli art-rocker 10 år etterpå som bandleiar for Blackstar-innspelinga til David Bowie. På Blow har han stort sett dei same musikarane i botn – ikkje minst Jason Lindner frå Now vs Now, pluss ein del vokalistar vi kjem tilbake til…

Her kjem låtar som kunne vore frå Radiohead, i alle fall før McCaslin sjølv tar rennefart med saksofonsoloane sine. Bon Iver og King Crimson møter Jim Morrison, Adrian Belew og Mike Keneally møter Kjetil Møster og Motorpsycho.

There’ll be no algorithm
To help us raise our children

Legg til den vedunderlege avslutninga Eye of the Beholder med vokal frå Gayle Ann Dorsey og du har eit heilstøypt album som er variert utan å vera sprikande. Jazzrock for framtida!

Kjelder:
http://www.jfquenard.com/

http://www.am-quenard.fr/

Oz Clarke/Margaret Rand – Druer

Div Wikipedia

Ein tanke på “Stompin’ at the Savoie II

  1. Helt enig med deg! Jeg har også oppdaget Savoie og det er svært interessant. Både Mondeuse og Jacquere er to nye gode druetyper for meg. Må smake meg opp på Persan og Altesse snart.
    Mye “value for money” i Savoie.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *