Stompin’ at the Savoie

Ikkje før har eg lært at det beste er å drikka rett frå Jura, så syner det seg at det finns eit anna alpint vindistrikt med druer ingen har høyrd om. Skjerpings, Frankrike…  

Mondeuse: lukka inne med nomacorc.

Inntil den italienske grensa sør for Jura ligg Savoie – i nord ligg Mont Blanc, reiser du austover havnar du i Torino. I Savoie lagar dei ost – mellom anna Beaufort og Reblochon kjem herfrå – og vin frå obskure druer som heiter Jacquerre, Altesse og Gringet. Og raudvinsdrua Mondeuse som var mistenkt for å ha eit tett slektskap med Syrah så vel som Refosco, men som neppe er nokon av delane.

Mondeuse: Blant dei dominerande raudvinsdruane i Savoie.

Ch. de Mérande La Belle Romaine Arbin Mondeuse 2017

100% Mondeuse, 25-50 år gamle stokkar. handplukka druer, spontanfermentering,  månekalender, hest for tog og traktor, biodynamisk bruk sidan 2012.

Søt duft, blåplommer, modne markjordbær, nykverna svart pepar og eit litt støvete jordpreg. Fine lukter, behageleg å sniffa på.

Gjer som Jørgen Sandvik, drikk meir mondeuse.

Syrleg anslag – fin kontrast til den søte frukta på snuten – som glir over i eit lett midtparti med mykje plommer og blåbær før kirsebæra overtar med fin syre pluss litt bitre tyttebær i avslutninga. Tanniner er merkbare allereie i første glaset, blir kompensert med ein speka pølsesnabb.

Artig vin med  særpreg – klarer å balansera eit fint fruktpreg med ei heftig syre i eit litt røft preg eg likte godt. Heilt topp til ein rotete ‘nittitalstallerken’ med blanda spekemat, focaccia og ost.

Jørgen Sandvik – Permanent Vacation

Jørgen Sandvik er han som spelar ein million ulike strengeinstrument i og rundt folkrockarane Real Ones. No har han solodebutert med ei tilbakelent bluesplate som fungerer veldig bra i ei blanding av eigne låtar og klassiske favorittar frå Skip James, John Mayall og Peter Green. Instrumenteringa inkluderer pumpeorgel og orgelbass medan Sandvik sjølv får vist fram kor fin gitarist han er.

Høgdepunkt? Is There Hope er nydeleg melankolsk. This Hole is not so Deep er harmonisk ein slags The Thrill is Gone II, men pumpeorgel frå Sigbjørn Apeland og ein kort, men uhyre kjenslevar gitarsolo gjer det til ein heilt spesiell låt.

Side B blir meir bluespsykedelisk  utover platesida. The Law (John Mayall) svingar heilt rått, medan  Peter Green sin The World Keeps on Turning får ein slags Escher Demos Beatles-aktig handsaming. Knalltøff plate!

Kjelder:
https://www.domaine-genoux.fr/
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og Viner
Div Wikipedia

2 tankar på “Stompin’ at the Savoie

Leave a Reply