Surrau Branu Vermentino di Gallura 2018

Vermentino finns over det meste av Indre Middelhav. Det er antakeleg same sort som Pigato og Favorita på fastlandet, og Rolle i Provence, men det er på Sardinia og Korsika drua har funne ein ordentleg heim. På Sardinia har drua fått ein eigen appellasjon og blir brukt i øyas einaste DOCG Vermentino di Gallura. Nordaust på Sardinia ligg Vigne Surrau som dyrkar Cannonau, Carignano, Muristellu, Cabernet Sauvignon og altså Vermentino.  

Surrau Branu Vermentino di Gallura 2018

100% Vermentino, fermentering på ståltankar, tidleg flasking.

Tutti-frutti, pære, fersken, ingefær og kvit blomstereng frå nyopna flaske, nyslått gras bakom. Med tid i glaset kjem sitronskal og appelsin. Med enno meir luft slepp smågodt-preget og blir avløyst av sylta sitron, ananas, litt tropisk nektar, og sitrus på vandring. Antydning til noko brent – likevel veldig behageleg – langt baki, nesten som rista brød.

Friskt og leskande anslag, lett oljete munnkjensle. Midtparti med søt ananas og fyldig sitron, lett bitter – basilikumaktig . urtesmak saman med grapefrukt. Fyldig, men litt stutt avslutning med mykje sitrus. Vinn lengde med tid og får etter kvart nærast eit sjøpreg – som å få nokre dråper saltvatn på leppene når ein badar.

Mykje drikkeglede for pengane i ein artig og litt annleis vin. Eit variert og kjøleg fruktpreg skjuler det godt, men vinen har faktisk 13.5 prosent alkohol. Grunna ein logistikk-inkurie vart vinen drukke med Spagetti Carbonara, noko som fungerte mykje betre enn frykta. Kul drikke til 170 kroner.      

Frank Zappa – Zappa In New York (40th Anniversary)

Frank Zappa ville fylt 79 i dag, medan liveplata In New York feirer førti med ei nymastra gjenutgjeving i år. Den doble vinylen har fått ei tredje plate som haleheng og innercoveret har nye  miniessay frå Ruth Underwood, Ray White og Joe Travers.

På midten av 70-talet var Zappa i rettsleg konflikt med nesten heile verda. Likevel klarte han å omsetta frustrasjonane kreativt og fann rom til både orkesterplate, Australiaturné og ny musikk. Mothers of Invention var historie – frå no henta han inn musikarar etter behov.

Utgjevinga – frå ein konsertserie i New York (roll credits) i 1976 – fekk ein trong fødsel. Gail Zappa sin versjon er at Frank først lanserte musikken som eit 4-platers sett – Läther – korpå Warner Brothers sa Nope, nope, nope… I frustrasjon reformaterte han boksen inn i 4 plater, klaska dei på bordet og sa seg ferdig med WB. Plateselskapet på si side ville ikkje vera med på leiken og drøyde fleire før dei ga ut musikken.

No er det altså gått 40 år sidan originalen – korleis står plata seg i dag?  Eg er delt i det vanlege vestlandske tvisynet – på den eine sida slo den seksualiserte Pyton-humoren ut i full blomst i denne perioden, og det eg syns var kjempemorosamt som 19-åring – Titties & Beer, Honey, don’t you want a man like me og The Illinois Enema Bandit – er for meg i dag så platt at sjølv Rhesus Minus og Dølle Døck hadde vore skeptiske.


På den andre sida har han forsterka bandet med Eddie Jobson (Roxy Music), Brecker Brothers og blåserekkja frå Saturday Night Live – saman er dei ultrapresise og får nytt liv i instrumentalane til Zappa.

Bonusplata gjev oss mellom anna Black Napkins med ein fantastisk sax-solo frå Michael Brecker, eit homoerotisk oratorium frå Terry Bozzio – musikalsk imponerande, tekstleg… meh… – og kanskje mest sjarmerande: Ruth Underwood si nyinnspeling (2017) av The Black Page på piano. Ei plate som har nokre geniale augneblink, men som nok blir henta fram mest av nostalgiske grunnar.

Kjelder:
www.zappa.com
Michael Gray – Mother!
Diverse Wikipedia
Oz Clarke / Margaret Rand – Druer og Viner
http://www.vignesurrau.it/

Ein tanke på “Surrau Branu Vermentino di Gallura 2018

Leave a Reply