Tenuta De Melis Altum 2007

Montepulciano. Nei, ikkje vinen – heller ikkje byen. Derimot er det drua Montepulciano vi skal smaka på denne gongen. I Abruzzo – aust i sentral-Italia har fjellrike Montepulciano d’Abruzzo hatt ein DOC sidan 1968. Og sjølv om det meste av druene går til kooperativ eller bulk, så finns det produsentar som gjer si greie.

Heine plagar produsent og smakar vin frå Abruzzo HER

Tenuta De Melis Altum 2007

Gebursdagsgåve – for meg ein ukjend produsent. 100% Montepulciano, handplukka druer som har vore ein snartur innom eik før flasking.

Støvete preg, ekstra vanskeleg å finna geografien til – nesten bordeauxaktig med plommer og blyantspiss i kaoset ved første sniff. Steinsopp, skogsbunn og litt jordbærsyltetøy kjem raskt. Får lysare bærtonar med tid i glaset. Litt pepar og nellik i bakgrunnen. Modne blåplommer kjem og går. Litt støvete og gamal trelist. Behageleg duft etter kvart.

Syrleg anslag. Spinkelt midtparti med litt plommer og mjølkesjokolade, men lite frukt att. Vinn noko plommefylde og mokka med tid og luft. Tanniner blir først avfeid som borte vekk, men kjem i eit kraftig bakhaldsangrep mot slutten av flaska. Anstendig lengde og fin syre i avslutninga.

God vin som har entra pensjonistlivet med eit par skavanker, sjølv om helsa stort sett er i behald. Meir spanande snute enn smak. Uansett eit artig møte med ei ny drue i ein lagra vin. Fungerte flott til eit stykke lam.

Ginger Baker – Horses and Trees

Ingen hadde trudd at Ginger Baker skulle overleva både Jack Bruce og Gary Moore, men 6. oktober 2019 var det definitivt over etter åtti år. Han gjorde det ikkje enkelt for korkje seg sjølv eller andre i livet, men bak instrumentet sitt var han ein intuitiv premissleverandør for det meste av trommeteknikkar i moderne rock. Sjølv dreiv han helst med polohestar og ulovleg kjemi. Og oliven, synte det seg.

På 80-talet stakk han frå restskatt, etablerte seg i Toscana som verdas dårlegaste olivendyrkar, havna i konflikt med både med den lokale mafiaen òg resten av lokalbefolkninga, vart henta ut av bassist/superprodusent Bill Laswell og kom seg omsider på trommekrakken igjen.

I 1986 kom Trees and Horses – førestill deg ein slagverkstung jam med Fela Kuti og Joe Zawinul. Ginger Baker sjølv nøyer seg med å leggja monstergroover bak resten av bandet som mellom anna består perkusjonistar frå heile verda, inkludert Daniel Ponce og Naná Vasconcelos. Oppå der igjen tar Shankar (fiolin) rennefart, men førsteprisen går uansett til Bernie Worrell (Parliament, Talking Heads) for orgelsoloen på Uncut. Groovy minne frå ein lagspelar (i alle fall på denne plata) med eit unikt uttrykk.

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
Diverse wikipedia
https://www.tenutademelis.com

Leave a Reply