Thank God For Fermentation

I Saardalen – eit litt kjølegare underbruk av Mosel – finn vi kultprodusentar som  Peter Lauer, eg-må-på-luksusfellen-produsentar som Egon Müller, og (nesten gløymde) tradisjonsberarar som Van Volxem.

Her starta romarane showet, munkane overtok i fleire hundre år før garden fall i henda på Gustav van Volxem i etterdønningane av den franske revolusjonen. Volxemane haldt det gåande i fire generasjonar, men rota det etter kvart litt til før nye investorar relanserte vinane under ‘Jordan & Jordan’ på nittitalet. Frå 1999 er det Roman Niewodniczanski som eig og driv bruket, og har tatt attende det opphavlege namnet. Etter kvart har han overtatt ny mark og har i tillegg starta eit samarbeidsprosjekt med Markus Molitor.

Van Volxem Scharzhofberger Riesling Grosse Lage 2012

Scharzhofberg på 300 meters høgde er blant dei kjølegaste parsellane i Saar, med store temperaturskilnader mellom dag og natt. Skiferrikt jordsmonn som magasinerer solvarme jamnar forskjellane ut. Sein modning – druene er gjerne ikkje ferdighausta før i november – skal i alle fall i teorien gje mykje smak.  

100% Riesling, handplukka druer, streng selektering i marka, spontanfermentering i kjellaren.

Badeball, fersken og  (nellik)krydder frå nyopna flaske. Behageleg sitrus dytter bakom. Stum på tunga, men glir etter kvart over i fersken og fyldig sitron. Satt vekk på karaffel i tre timar før ordentleg smaking.

Klementinskal, tørka aprikos og fersken. Granny Smith, nellik og litt mynte bakom, knapt merkbar petroleum. Superfruktig duft.

Rundt anslag, fruktig midtparti med fersken og søtleg sitrus, lang avslutning med sylta sitron og friske grøne eple.

Smooth og elegant GG med meir trøkk i snuten enn på tunga. Likevel nok ryggrad til sashimi med litt chilibitt – varmen henta fram søtare marsipantonar frå vinen. Lett blyg i uttrykket, men likevel ein vin med mykje på hjartet.  

Chris Thile – Thanks For Listening

Eg veit det ikkje er mogleg å få med seg alt, men korleis i alle dagar har eg gått glipp av Chris Thile så lenge? Bakgrunn frå Americana og prog-bluegrass(!) der han er  ein slags Steve Vai for mandolinspelarar.

Leiar eit digert live radioshow i New York som drar inn gjestar som Meshell Ndegeocello, Brad Mehldau, Vulfpeck og They Might Be Giants. Skriv låtar med melodisk teft som om han skulle vore ein Beatle, og fyller på med tekstar som klarar å vera bitande sarkastiske samstundes som dei er gjennomførd sjarmerande. På scena ser han ut som verdas lukklegste mann når han får spele.

På plata kjem 10 låtar, opprinneleg framførd som Song of the Week frå showet. Opningslinja «Thank God for fermentation» frå Elephant in the Room reddar familiebesøka i selskap med alle som stemte på Trump, han tullar med eigen songstemme i tungt politiske Falsetto, og resten av låtane ligg ikkje langt bakom i pop-teft og cleverness. Beste plata eg ikkje fekk med meg i 2017…   

Kjelder:
https://vanvolxem.com/
Diverse Wikipedia

Ein tanke på “Thank God For Fermentation

Leave a Reply