The Grape Escape

Der mykje av vin-verda har straumlinjeforma druesortane sine er  Portugal eit herleg kaos, med drueslag ein må langt inn i mørke krokar av drueleksikona for å finna spor av. Dão rett sør for Douro-dalen har fått sjølvtilliten attende, og mange omfamnar tradisjonelle druer som knapt er høyrd om utanfor distriktet.

I Mouraz overtok den biodynamiske duoen  Antonio Lopes Ribero og Sara Dionisio farsgarden i 2000 med ein visjon om å framheva lokale drueslag kombinert med berekraftig og økologisk produksjon.

Casa de Mouraz Dâo branco 2015

Encruzado 25%, Fernão Pires 25%, Bical 25%, Malvasia-Fina, Cercial-Branco, Rabo-de-Ovelha, Uva-Cão, Síria, med fleire(!) 25%  (Og dette er berre dei kvite – i tillegg dyrkar dei mellom anna  Tinta Roriz, Alfrocheiro, Jaen, Baga og Água-Santa.)

Stadig like forvirra?  Fernão Pires er drua som heiter Maria Gomes elles i landet (eller omvendt). Bical gjev syre og er mykje brukt i boblevin. Encruzado kjem vi attende til. Portugal har 12(!) variantar av Malvasia som i meir eller mindre grad har slektskap til ‘ekte’ Malvasia. Rabo de Ovelha kjem med alkoholpotensiale, medan resten av rekkja er for obskure til å finnast noko særleg informasjon om.

Handplukka druer, pittoreske sauer som knasker ugras mellom plantane, spontanfermentert, 30 dagar på skalet før lett pressing, 6 månader i ståltank og på amfora.

Kaotisk, men behageleg frå nyopna flaske. Sylta sitron, ananas  og gule eple forsvinn imidlertid fort bak kruttrøyk. Får ein times strafferunde på karaffel med von om at vinen bestemmer seg. Meir umiddelbar i munn. Som å setja tenna i eit saftig Granny Smith-eple.  

Har runda fint av etter ein luftepause. Søte, gule eple, sitrongras, litt fersken. Våt skifer ligg som ein pedaltone bakom.

Søtsyrleg anslag med ørlite honning og mykje eple. Midtparti med Granny Smith og eit bittert urtebitt. Litt hasselnøtt. Forfriskande avslutning med lagvis eple og sitron.

Ikkje komplekst, men reine smakar og skummelt leskande meirsmak som fungerte flott til flyndre. Vin som er uformell nok til å vera morosam å drikka, samstundes som kjærleiken til prosjektet speglar høg kvalitet for prisen. Supert kjøp til 185,-

-Men, tenkjer du nok no, koko drueblandingar er artig det, men korleis handterer dei vinar på berre ein druesort, til dømes (*sjekkar utydeleg kulepennskrift inni handa*) Encruzado?

Casa de Mouraz Encruzado 2016

100% Encruzado – viktigaste kvite drue i Dão – her produsert i 9000 flasker. Handplukka druer, spontanfermentering, 6 månader på botnfallet.

Meir blomstrete snute enn veslebror. Granitt, blomstereng og sitron, pluss appelsin og papaya. Ørlite nyslått gras.

Fyldig anslag, lag på lag med eplesmakar. Midtparti med meir eple og litt grapefrukt. Ørlite ingefær og sitronskal. Rund avslutning med sylta sitron som varer lenge.

Meir seriøs vin enn førre flaske – der Branco er leiken og hedonistisk så roper denne etter eit stykke grilla fisk eller eit stykke kylling.

Rhiannon Giddens – Tomorrow is my Turn

Denne veka kjem multiinstrumentalist og gullstrupe Rhinnanon Giddens med ny plate – i spent påvente av levering tar vi eit steg tilbake og kikker på debuten frå 2015 der T-Bone Burnett (Bob Dylan, Los Lobos, Roy Orbison, Elvis Costello) året før hadde høyrd henne live og spontant spurde om han kunne produsera henne. Der andre artistar blir kritisert for å vera sprikande, er Giddens berre variert – uansett om det er blues, country, roots,  hiphop, gospel eller keltiske ballader så fikser ho det med same eleganse og kvalitet.

 Her møter banjo både Hank Cochran og Dolly Parton, beatboxing møter salmer, spirituals og tradisjonsmusikk, medan eit sosialt og politisk engasjement verkar å ligga bak dei fleste låtvala.

Høgdepunkt? Antakeleg Dolly Parton sin Don’t Let it Trouble Your Mind og bittermorosame She’s Got You.  

Legg til ein funky Black is the Color, den intense spiritualen Round about the Mountain, og Giddens eigen Angel City, og vi er i mål med ein av dei sterkaste debutplatene nokon sinne.


Kjelder:

http://www.casademouraz.com/
www.nonesuch.com
Oz Clarke / Margaret Rand – Druer og viner
Diverse Wikipedia

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *