The Würst of Times

Då var det nok over for denne gongen.  Bikiniblick og resten av dei knøttsmå, stupbratte parsellane er selt, og Olaf Schneider har endra status frå Weingut O til Hotelgut O. Boomers på Nattverden vil hugse at eg er begeistra for produsenten, spesielt var kabinetten eit latterleg bra kjøp. Sjølv om eg er kjend som ei sektmachine har eg likevel enno ikkje smakt boblene frå garden, og dette er siste sjanse…

Weingut O. Riesling Trabacher Ungsberg Sekt 2014

Herleg duft av bakst følgjer med korken ut av flaska. Knallrevolverknall, moden ananas, grapefrukt og pære frå nyskjenka glas. Fyldig anslag, midtparti med appelsin og tropisk nektar. Litt gjærsmak som skjemmer,  litt stutt avslutning. Kaotisk førsteinntrykk – skal få seg ein luftepause før ordentleg smaking.

Ein halvtimes lufting har gjort godt. Framleis ekstremt mineralsk – nysprengt tomt dominerer duft, med tropisk nektar og grapefrukt hakk i hæl. Mykje meir fokusert snute, men litt røft og kantete uttrykk.

Tropisk anslag – mykje ananas som glir over i sitrustonar og grønt epleskrell. Etter kvart som å setja tenna i eit saftig Granny Smith-eple. Heftig og skarp syre som vinn meir og meir lengde med tid i glaset.

Meir rufsete enn elegant, men ein kul vin – sjølv om eg nok heller føretrekk dei boblefrie vinane frå produsenten. Fint selskap til hot-dog med sennep og surkål.

Moonpedro and the Goldfish – The Beatles Revisited

Av dei meir bisarre måtane å markera 50årsjubileet til ‘White Album’ stiller dette langt framme i køen. I 2018 ga Pedro Carmona Alvarez og Einar Sogstad ut sin eigen variant av Beatles-albumet frå 1968.

Her kjem Back in the USSR  som intens og instant Sonic Youth, her kjem sliten lounge-jazz, gampecountry av Martha, my Dear, og New Order-versjonen av Blackbird. Piggies kunne vore ei R.E.M-låt.

Av og til er det ganske likt originalen, ofte så skimtar ein berre Beatles langt baki. Eg er litt tvisynt til heile greia – innimellom kjennes det litt som intellektuelle øvingar i dekonstruksjonisme som blir litt tvungent. På den andre sida er det ein slags fandenivoldsk respektlaus tilnærming og samstundes med tydeleg kjærleik til prosjektet. Ofte må eg motvillig medgje at det lét veldig tøft – til og med når dei verkeleg pusher grensene med danskebåtvariant av I Will


Kjelder:
http://www.weingut-o.de/index2.html

Leave a Reply