To Rheingau and Beck

“Mon Dieu, wenn ich doch so viel Glauben in mir hätte,
dass ich Berge versetzen könnte,
der Johannisberg wäre just derjenige Berg,
den ich mir überall nachkommen ließe.”
(Heine – (Nei, han andre.) Heinrich…)

Om nokon fortener Schloss i namnet sitt så må det vere Johannisberg – bygninga er monumental, vinproduksjonen har ein 1200 år gamal historikk, og dei skryt på seg å ha ‘oppfunne’ Spätlese og vera staden der riesling først vart planta.

Gjennom århundra er det skjedd nok på garden til å fylla opp minst ein HBO-sesong – som kloster eit naturleg mål under den tyske bondekrigen, gjenoppbygd som palass, skifta eigarskap mellom folk med både Prins og von i namnet sitt, øydelagd av allierte bomberaid i 1942, gjenoppbygd av ei russisk prinsesse i eksil med ektefelle frå Metternich-slekta som ga vekk mesteparten av formuen til elskerinna, og til sist overtatt av Oetker-familien (Jepp, dei med pizza…).

Johannisberg sin rotlack – ikkje spør om fargekodesystemet, den raude er kabinetten deira – har lenge vore ein matvenleg favoritt her i huset. Korleis vil den presumptivt beste vinen frå bruket vise seg fram?   

Schloss Johannisberg Riesling GG Silberlack 2012

Å stikka snuten i nyskjenkt Silberlack hentar fram lite anna enn røykfylt flintstein, medan første slurk er som å tygga grus. Langt, langt baki kjennes noko sitrusgreier og med godvilje moden ananas. Lite anna å gjere enn å setje vekk vinen på karaffel, finna fram Wislawa Szymborska og lese ‘Jeg banker på steinens dør…’

Etter tre timar med lufting har mykje skjedd. Rabarbra, granny smith, sylta sitron, blomstereng, brunt sukker og pære. Litt våt stein og lavendel. Komplekse men samstundes tilbakelente duftar som nasa må langt ned i glaset for å fanga.

Fruktig anslag, søt sitron, appelsinskal, litt bitter grapefrukt, litt moden ananas. Lag på lag med sitrus. Vinn lengde for kvart minutt med ei kvass men rein sitronavslutning. Blir rundare med sitrondrops etter kvart som tida går. Ettersmaken sit lenge.

Årets første utandørs glas, og opning av ei flaske som antakeleg burde vore planlagt enno litt betre. Ein vin som er flott no, men som antakeleg berre blir betre med ekstreme mengder luft eller lagring. Fungerte fint med røykelaks på toast. Ei flaske igjen som skal få fred i nokre år til…

Beck – Song Reader

Eg medgjev at eg på nittitalet antakeleg var mest pretensiøst opptatt med å høyre på fippskjeggjazz og samtidsmusikk. Eg veit at det skjedde noko som heiter (*sjekker utydeleg skrift inni handa*) grunge og indie-rock, men distanserte meg frå det heile til fordel for Kronos Quartet, Jaco Pastorius og Frank Zappa. Samstundes var eg klar over at Beck eksisterte, men eg trur eg blanda han (og framleis gjer) med Moby. Ironisk nok har eg nettopp oppdaga kor bra musikk Beck lagar gjennom eit cover-album…

I 2012 ga Beck ut Song Reader – ikkje som plate, men som ei notebok. Ideen var at fans og andre artistar skulle heimelaga musikken og publisera på YouTube. Om det var planlagt heile tida, eller om Beck sjølv ikkje klarte å vente lenger er uvisst, men uansett kom musikken på plate tre år etter.

Det meste lét veldig tøft. Tekstar og melodiar er catchy, musikken er variert med eit lydbilde som sirklar rundt indierock og alternativ country med eit par sideskjær.

Moses Sumney gjer ein kynisk og naken versjon av Title of this Song,  medan Norah Jones går nesten country på Just Noise.

Beck sjølv lagar catchy musikk med Heaven’s Ladder medan høgdepunktet for meg er Swamp Dogg sitt bidrag. Og då har eg ikkje ein gong nevnt Sparks, Marc Ribot, Jarvis Cocker, Loudon Wainwright III og ein haug med andre gjester. Knalltøff plate.

Alle inntekter frå Song Reader går til www.826national.org

Kjelder:
www.schloss-johannisberg.de
Diverse Wikipedia

Leave a Reply