Top of the Pops

Etter å ha lest Heine sin strålande artikkel om opphavsvern og kvalitetskrav for franske jordbruksprodukt, så ga det faktisk mykje meining – i alle fall i nokre dagar før eg oppdaga at raud musserande har ein eigen AOC (eller AOP heiter det vel no…) i Burgund, og eg er tilbake til å meine at franske jordbrukslovar er mest eit psykiatrisk diagnoseverktøy.

Vi skal ikkje finna raude burgundbobler denne gongen, men vi forblir i distriktet – for innimellom verdsberømte vinmarkar for stille vin vert det produsert ganske så mykje musserande. Cremant de Bourgogne har hatt opphavsvern for kvite og rosa bobler sidan 1975, men reglane er mellom dei strengaste i heile Frankrike: kun handplukka druer som skal leggjast i små korger, pressing og produksjon skal vera identisk med Champagne. Og nei, du kan ikkje dytta årets mest mislukka druer inn i produksjonen heller – kva vinmarkar som skal i årets Cremant må meldast innan april kvart år.

Inspirert av Champagne starta Louis Bouillot produksjon av musserande vin i 1877, og i motsetnad til dei fleste andre i Nuits-Saint-Georges driv dei utelukkande med bobler.  

Louis Bouillot Crémant de Bourgogne Extra Brut 2004

100% Pinot Noir, handplukka druer frå Savigny, sjampanjemetode, 12 års lagring på flaske før fjerning av botnfallet .

Fyrrige bobler i nyskjenka glas. Søt gjærbakst, raude, modne eple, raudt epleskrell, fyldig sitron som dyttar bakom. Behageleg snute som runder fint av med nybakt brød og eple.

Rundt anslag, syrlegare smak enn kva snuten indikerer. Spisse, lagvise sitrustonar inkludert litt bitter grapefrukt, som glir over i ei lang og syrleg avslutning. Legg på seg sideflesk med tid i glaset og får ei kremete munnkjensle med sylta sitron og syrleg eple. Ligg ein pedaltone med steinsopp under smakane som gjev eit lite men ganske kult umami-kick.

Ikkje den sjampanje-killeren eg kanskje hadde håpt på, men likevel eit eksklusivt snev av moden luksus på budsjettpris. Runder fint av med sitrondrops medan tida går, samstundes som ei markant syre friskar opp. Fungerte både som aperitiff og til røykelaks. Latterleg bra kjøp til 230,-

Prince – Piano & A Microphone 1983

Eg hadde veldig lyst å like denne utgjevinga, men manglande kvalitetskontroll gjer det dessverre vanskeleg… Uansett la oss ta dei positive tinga først: designet er praktfullt, ein liten hardcover perm med cd, lp og ein slags pamflett, pluss gode foto. Nokon har tenkt gjennom korleis estetisk få maksimalt ut av 34 minutt med musikk som trass alt nok er det næraste du kjem eit nachspiel med Prince…

Det vi får er eit kassettopptak frå heimestudioet der Prince (24) testar ut nye låtar og leikar litt. Her kjem glimt av 17 Days og Purple Rain som kom året etter, her kjem Joni Mitchell sin A Case of You.

Undervegs er det overraskande mykje blues – Mary, Dont’ You Weep kjem med eigen tekst medan International Lover får jazzvibber. Wednesday, Cold Coffee & Cocaine og Why The Butterflies lét leitande og uferdige, men med potensiale.

Neppe ei utgjeving for tilfeldige tilhengjarar, men for musikkinteresserte som er opptatt av prosessar er dette gull. Dessverre ser vinylen ut som om nokon har laga senterholet med hammar og spikar og har ikkje treft midten av plata – resultatet er at musikken ‘gynger’ (minst) ein halvtone i tonehøgde og gjer vinylplata umogleg å lytta til. Kjøp cd-en.

Kjelder:
https://www.inao.gouv.fr   
http://www.louis-bouillot.com
Prince – Piano & a microphone 1983 Deluxe Edition

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *