Toscansk skalkontakt

«Vi i Nattverden har vært dårlig, jeg vil si nesten sjokkerende dårlig, på å dekke toscansk vin», skreiv Heine. Dette må sjølvsagt bøtast på, og kva betre måte enn å dra til sjøs og gå i DOC ved Costa dell’Argentario? Halvanna mil utanfor Toscana-kysten ligg ei granittblokk med 1500 fastbuande, og mellom dei ein eksentrisk mattelærar turned vinbonde. Isola del Giglio er elles turistøya som fekk uønskt merksemd då cruiseskipet Concordia grunnstøytte, ei hending  – dette skjer berre i Italia – der det rettslege etterspelet avslørte både kokainsmugling og kapteinen si elskerinne på brua.  

Sidan seint 80-tal, då han kjøpte ei gløymd druemark på sørspissen av Giglio, har Francesco Carfagna kjempa på to frontar – mot italienske styresmakter som ikkje vil ha kulturlandskap i nasjonalparken sin, og mot drueplantespisande kaninar. Her bur han og kona i eit gamalt møllehus der dei lagar vin av ansonica og sangiovese i kjellaren.

Altura Ansonaco dell’Isola del Giglio 2015

100% Ansonaco (eller ansonica eller inzolia, om du vil). Biodynamiske prinsipp, to vekers skalkontakt, spontanfermentering, ufiltrert på ståltank i nokon månader før flasking med minimal svovling. Det er mogleg Francesco har lånt ut etikettmaskina si og ikkje fått ho attende, trykt opp for mange generiske etikettar han ikkje vil kasta vekk, eller har ein ekstremt liten produksjon – årgang og alkoholnivå er uansett notert på for hand. Tydelege spor av ein slags lukkeleg artisan-Andeby, men blir det god –eller i det minste gøy – vin?

Blomstereng, aprikos, appelsin, grillrøyk og eit sursøtt touch. Behageleg snute, tydeleg utan å bli brautande. Med tid i glaset vinn det florale.

Forsiktig anslag, midtparti med aprikos, mandlar, søtbitter sitrus og ei lang og tropiskfruktig avslutning. Vinn fylde med tid og temperaturstigning, og får til og med eit lite tanninsnerp i tredje glaset, som kanskje berre er placebo .

Meget vellukka oransjevin som fungerte veldig fint saman med arista – gris fylt med meir gris, kvitløk og rosmarin. Eg likar konseptet med ekstrem småskalaproduksjon frå ein ekstremt bratt rulle-på-sjøen-utfor-kanten-åker når resultatet er så bra. Likevel – til 400 kroner er nok dette mest for dei spesielt interesserte. Bra kjøp om du kjenner deg eventyrlysten eller skal på fest på Nesodden…

Alanis Morrisette – Such Pretty Forks in the Road

I was just trying to keep it together

Det forpliktar på ein måte at ikkje alt skal gå bra når ein slår gjennom i sub-sjangeren ‘confessional singer-songwriter’. Det er blitt 25 år sidan You Oughta Know og Ironic, og 8 år sidan førre album. Er ho framleis i stand til å bita frå seg?  

Spoiler Alert: Dette er ei knalltøff plate! Her er framleis sinne i tekstane  – både mot plateindustrien og verda generelt, men mest mot henne sjølv. Røysta og fraseringa er framleis intakt og særeigen – sjølv om fokus er meir på ballader. Og ja, det lét litt sånn seint 90-tal…

Uansett – nittitallsklisjeane framstår friske, sjølvsentrerte tekstar har likevel ein universell snert der ho utleverer seg enten i spøken eller i tragedien. Her står Diagnosis fram som både brutal og vedunderleg i eit nakent og – Morrissette har vore open om eit liv med kraftige depresjonar – sårbart arrangement der alt fell på vokalen. Og det lukkast så bra!

Flott plate som musikalsk lener seg på suksessoppskriftar frå 20 år tilbake, men der tekstar og røyst lét veldig aktuelle. For ikkje å snakka om eit dusin easter eggs  som skjuler seg i videoen til intense Reasons I Drink.    



Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
Diverse Wikipedia
https://alanis.com/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *