Town with no Chér

Heilt nord i Italia har Trentino berre Syd-Tyrol igjen før vi er i Austerrike og Sveits. Høge fjell tar av for regn, dagane blir varme, nettene kalde. Lang mogningstid i høgt terreng legg til rette for å produsera musserande vin med høg kvalitet.

Boblene har fått sin eigen DOC-sertifisering under Trento-namnet – vinane må mellom anna lagast på klassiske sjampanjedruer med sjampanjemetoden, men før denne formaliseringa hadde Giulio Ferrari – med ein draum om å konkurrera med Champagne – laga Classico-bobler frå Chardonnay sidan 1902.

Sidan tidleg 50-tal er vinhuset drive av Lunelli-familien som har utvida sortiment og produksjon kraftig. Sjølv er eg svak for dei lagra vinane i Perlé-serien, spesielt 2009, og roséen deira – kan den enklaste vinen frå Ferrari gje drikkeglede?       

Ferrari Brut NV


100% Chardonnay, handplukka druer, to år på botnfallet.

Delikat duft. Gjærbakst, bolle i ovnen, sylta sitron, syrlege eple. Rein og tydeleg snute.

Spiss og syrleg i anslaget. Slankt midtparti med mykje sitron, raude eple og litt bitter grapefrukt. Juicy avslutning – som å setje tenna i eit saftig Granny Smith-eple. Vinn fylde og lengde med tid og får nærast evigvarande sitrontonar etter andre glaset.

Reine, fine smakar med ein energisk eleganse i ein slank og syrleg stil. Fungerte tipp-topp til kvit pizza og er eit røverkjøp til 200 kroner.

Chér – 3614 Jackson Highway

I 1969 var karriera til Cher gått litt av sporet, og – i eit forsøk på å distansera seg frå folkduo-assosiasjonen til Sonny and Cher – ville plateselskapet eksperimentera litt. Ny produsent Jerry Wexler som nettopp hadde laga stjerne av Aretha Franklin, nytt husband – The Muscle Shoals Rythm Section som backa mellom anna Solomon Burke, Wilson Pickett og Aretha, og var for sørstatane det The Funk Brothers var hjå Motown. I tillegg er det heftig, men ukreditert blås på plata, antakeleg frå The Memphis Horns.

Det gjekk ikkje så bra, sjølv med tre Bob Dylan-covers og eit knippe soul-klassikarar, litt Otis Redding, litt Dr. John. Plata selde nesten ikkje, noko som er frykteleg urettvist sidan musikken er veldig, veldig tøff. Cher sjølv har nok klart seg bra i etterkant, men eg vil tru dei fleste lesarane her vil lika desse låtane betre – og kanskje bli overraska over kor kult det lét – enn dagens diva.

I 2019 kom plata ut igjen remastra på lilla vinyl og Cher syng modent og kjøleg enten det er You Keep Me Hanging On  eller Lay, Baby, Lay, men høgdepunktet er nok I Walk on Gilded Splinters.

På plate to kjem eit assortert utval av b-sider, låtar som ikkje kom med, og låtar som var tiltenkt neste plate – mellom anna ein fin versjon av Danny Boy og Mama Look Sharp. Musikk som fortente meir merksemd for 50 år sidan og som lét flott i dag.


Kjelder:
https://www.ferraritrento.com/
Liner Notes

Ein tanke på “Town with no Chér

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *